Asbjørn Steinnes i Nettbuss er med i ei faggruppe i Noorsi (Norsk Organisasjon for Sikkerhetskompetanse). Her har han vorte drilla i både arbeismiljølov og ulike forskrifter. Ei av utfordringane dei har merka seg i Nettbuss, er at dei manglar kunnskap om rett og forsvarleg bruk av rullestolheisene på bussane. Laurdag var det difor intensivkurs for sjåførane med både teoretisk og praktisk opplæring.

– Det er eit krav at folk med rullestolar skal kunne få vere med bussane, som alle andre. Men dette kravet er relativt nytt, og fleire av våre sjåførar møtte ikkje dette kravet då dei tok utdanning, så det er ny kunnskap vi må skaffe oss, seier Steinnes.

Utfordringane er fleire.

– Når alt fungerer som det skal, er det ikkje noko problem, men vi må vite kva vi gjer i dei tilfella mekanikken sviktar oss. Det er også forskjell på rullestolar. Det er ikkje alle som får plass inne i bussane.

For stor: Ein elektrisk rullestol kjem seg inn på bussen, men vel inne er der for liten plass til å sikre stolen forsvarleg kan sjåfør Ingi Stefansson, prøvekanin for høvet, slå fast.

For høvet hadde dei lånt inn to «standard»-rullestolar frå hjelpemiddelsentralen, ein manuell og ein elektrisk.

Den elektriske fekk dei lett inn på bussen, men vel inne, var der ikkje plass til å kunne sikre stolen forsvarleg.

– Rullestolane har vorte betre, større og kraftigare. Bussane har ikkje nok plass til dei. Då er det viktig for oss å nå ut med informasjon om kva typer stolar folk kan ha med. Vi må bli flinkare til å kommunisere ut, seier Steinnes.

Korleis dei skal løyse dette, er neste del av prosjektet.

–Dette vil vi diskutere med leiinga, om vi må ha ut brosjyrer eller få det til på andre måtar. Informasjonen må ut, og på den måten kan vi yte best mogleg sørvis når vi får ein rullestolbrukar på bussen.

Det er også forskjell på bussane. Timekspressane har heis, medan lokalbussane har rampe der rullestolbrukarane kan køyre rett inn. Her er det også betre plass. På heisene er det også begrensingar med tanke på vekt, med maksvekt på 350 kilo.

– Det er viktig for oss å ha kompetanse på dette for å kunne møte kundane våre på ein god måte, seier regiondirektør Magne Hetle.

Perfekt: Ein manuell rullestol er den mest gunstige for å få plass i bussane.

– Stort sett går det greitt, men dei gongane vi møter utfordringar, er det godt for både kundar og sjåfør at vi veit kva vi skal gjere, seier tillitsmann Stig Vinjevoll.

Nettbuss er tidleg ute med å ta grep, og er blant dei første til å gjennomføre eit slikt kurs.

– No er det ikkje så ofte vi har rullestolbrukarar på bussen, og dei fleste er også klar over sjølve kva begrensingar bussane har. Folk er også flinke til å varsle om at dei ønskjer å vere med bussen. Då er det også enklare for oss å planlegge og legge til rette for å få folk med, seier Steinnes, som er glad for den breie oppslutninga blant sjåførane på å delta på kurset.