Sigrun Aarseth sit benka saman med barnebarnet Malina Aarseth og klassevenninna hennar Lisa Vestre Velle på Velle skule. Ho er tilbake på skulebenken for å lære dei unge håpefulle strikking.

– Det er kjempeflott at besteforeldre, og også foreldre som har høve, stiller opp, seier lærar Berit Hallaråker.

– Det gjer godt med ekstra hender når vi held på med dette. Om eg skulle vere her aleine ville ikkje tida ha strekt til, seier ho.

Kjekt: Britt Volle stiller gjerne opp når barnebarnet Celina Tangen Karoliussen (ved vindauget) og klassevenninnene Linea Sanbakk og Sigrun Viktoria Søvik Mårstøl treng strikkehjelp.

Velle skule har ein lang tradisjon med å invitere strikkekyndige familiemedlemer inn i timen for å hjelpe til med undervisninga i strikking. Handarbeid er eitt av læremåla til elevane, og også dei synest det er stas med litt ekstrahjelp.

– Farmor er utruleg flink til å strikke. Ho har til og med strikka genseren eg har på meg no, fortel Oda Grimstad Kriken, som er i ferd med å ferdigstille strikkeugla si.

Ugle: Oda Grimstad Kriken har strikka seg ei ugle, med god hjelp frå farmor Rinni Grimstad. –Eit veldig flott og kjekt opplegg som kan vere ein idé for fleire, trur Rinni. Foto: Janne-Marit Myklebust

– Og så er det utruleg avslappande og fint å sitte med eit strikk, meiner ho.

Farmor Rinni Grimstad er glad for å kunne vere til hjelp.

– Dette er eit veldig flott og kjekt opplegg som kan vere ein idé for fleire også, trur ho.

– Og så er det jo veldig kjekt å vere på skule igjen! Og kjekt å kunne overføre denne kunnskapen til neste generasjon, seier ho.

Gutta Boys: David Aklestad, Hallvard Fonseca, Daniel Stokke Bjerkestrand og Christian Bøstrand.

– På gøyometeret går det halvvegs, meiner Daniel Stokke Bjerkestrand, om det å strikke.

– Men eg får det til! Klart det.

Strikkegjengen: Klasse 4B ved Velle skule saman med lærar, assistentar, bestemødre og studentar. Dei 26 elevane har hatt strikking på timeplanen kvar torsdag dei siste tre vekene. Også 4A har same opplegget.