Lokala i det nye Tindebygget har vore bruk sidan februar. Men måndag var det klart for offisiell opning.

– Vi avgjorde anbodet om leige av kontor i juni, så vi har hatt berre åtte månader på planlegging og flytting. Det har vore eit lyft, og ein krevjande prosess, men vi har gledd oss og det har gitt oss energi, sa leiar for Nav i Ørsta-Volda, Eli Grøtta.

Ho og dei 34 tilsette er godt nøgde med lokala.

–Her er mykje lys og glasveggar. Og det gjer godt.

Sikre soner

Grøtta fortalde at det vert stadig færre som treng å oppsøkje Nav-kontoret, sidan mykje skjer via nettkontakt. Men det er framleis ei publikumsavdeling, som er skilt frå kontora til dei tilsette.

– Tryggleiken er godt varetatt, og det er viktig. Vi er i ein krevjande bransje og det kan vere tøffe påkjenningar, sa Grøtta.

Ordførar Stein Aam i Ørsta sette det nye NAV-kontoret i samanheng med alt det andre som skjer i Ørsta for tida, med nytt legesenter og bygging av fleirbrukshall.

– I tillegg har vi dette fine Tindebygget. Det har vore ein kjekk prosess for kommunen å delta på, saman med NAV og huseigarane, sa Aam.

Fylkesdirektør Stein Veland i NAV fortalde at han vart møtt av tilsette som alle sa «sjå kor fint vi har fått det.»

– Eg vil berømme proffe huseigarar, og dei tilsette som har deltatt i det som minner om ein dugnad i samband med flyttinga. Ikkje minst viktig er det at dette vert bra for brukarane. Vi er her av ein grunn, og det er for å leggje til rette for dei som brukar oss, sa Veland.

Tindebygget er eigd av selskapet Ivar Aasengate 10 AS, ved Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork.

Dei takka for tilliten og gav NAV eit stort fotografi med Ørsta-motiv.