Fylkesvegen vart stengd måndag formiddag etter raset. Folk på Viddal reknar med at det vil ta tid før vegen vert opna att.

– Så vidt eg kan sjå er dei ikkje i gang med å rydde enno, så vegen vert nok stengt ut over dagen, seier Siri Viddal til Møre-Nytt klokka 13.00 måndag.

Ho bur på Viddal, og fortel at raset har gått over det midterste fonnoverbygget.

– Men dette fonnoverbygget er for lite, så det har kome snø ned på vegen, og det trengst maskinar for å måke vekk, seier Siri Viddal.

Vegen var open ein periode måndag ettermiddag, men måndag kveld melde Statens vegvesen at vegen vert steng fram till klokka 0800 tysdag morgon, då det skal vere ny vurdering av situasjonen.

Mildver og nedbør har ført til stor rasfare på Sunnmøre. Vegen gjennom Norangsdalen er også stengd- på grunn av vanskelege køyreforhold.