– Vi her ute skjønar samfunnet sine behov for masse. Men vi meiner at vi no har lide og gjeve nok. Nye massetak kan kome andre stader, sa grendelagsleiar Sindre Digernes då han fekk informere formannskapet måndag.

Då tok formannskapet turen til Klubben for å sjå på massetaket der. Entreprenør K A Aurstad ynskjer å utvide massetaket nedover mot sjøen. Potensielt kan det takast ut fem gonger meir masse enn i det noverande massetaket.

Prinsippvedtak

Formannskapet som planutval var bedne om å kome med eit prinsippvedtak i saka. Administrasjonen i Ørsta kommune ynskte eit slikt prinsippvedtak for å vite om det er noko poeng å gå i gang med ein planprosess. Dette mellom anna fordi masseuttaket på Klubben allereie er konfliktfylt.

Det er ein sterk usemje mellom naboane og entreprenøren om drifta av det noverande massetaket er i tråd med dei gjeldande reguleringsføresegnene.

Dispensasjon

I førre veke gav kommunen stoppordre til K A Aurstad for det noverande masseuttaket. Kommunen vil ha stopp i arbeidet fordi der er ei pågåande tilsynssak, og fordi det har kome ein dispensasjonssøknad om å få utvide driftsgrunnlaget noko før drifta her vert avslutta.

– Her er ikkje meir massar å drive ut no, utan dispensasjon, forklarte styreleiar Kjell Arne Aurstad under synfaringa.

Difor har K A Aurstad ynske om å regulere eit større område på nedsida av vegen på Digernes til masseuttak. Det var dette formannskapet vart bedne om å ta stilling til. Etter plan- og bygningslova skal ein slik reguleringsplan fyrst forvarslast. Men det var altså ynske om at formannskapet gav tilslutning til ein planprosess før arbeidet med forvarslinga tek til.

Samfunnsbehov

Ordførar Stein Aam (Sp) vedgjekk at det for han var ei vanskeleg sak. Utgangspunktet hans er at samfunnet har behov for masse – til næringsutvikling, til vegutbyggingar og til bustadutbygging.

– Og vi har eit underskot på masse i dag. Då er spørsmålet kvar vi skal ta ut masse i regionen. I dag har vi områda Flatneset, Holen, Standal, Grossmyra, Klubben, noko i Greivsneset og minimalt i Austefjorden, sa Aam.

Men han synest den skisserte planen frå K A Aurstad verka veldig omfattande.

– Det synest veldig omfattande å gå heilt ned til kote tre for eit masseuttak. Då er spørsmålet om det er moglegheiter for å skjerme befolkninga på Digernes meir gjennom eit kompromiss, eller om vi alt no skal seie stopp, sa Aam.

– Fått noko heilt anna

Den mest kritiske var Paul Kristian Hovden (KrF).

Han var klar over at tilsynssaka og reguleringssaka var to forskjellige saker.

– Det hadde vore enklare å handsame denne saka med blanke ark. Når eg har landa på at vi allereie no skal seie stopp, er det med bakgrunn i den gjeldande saka om drifta av det noverande massetaket. Der har vi vorte førespegla ein ting, og fått noko heilt anna, sa ein kritisk Hovden.

Også Synnøve Rekkedal Hill (Sp) var skeptisk.

Fem mot tre

– Som politikarar skal vi vere opptekne av helse, miljø og tryggleik for dei tilsette i kommunen. Men også for innbyggjarane. For meg handlar denne saka om livskvalitet for innbyggjarane på Digernes, sa Rekkedal Hill.

Under avrøystinga sa fem ja til å gå vidare med ein ny plan for eit utvida massetak. Det var Stein Aam, Hans-Olav Myklebust (Frp), Jostein Mo og Karen Høydal frå Ap, og Inger Sandvik Sundnes (H). Gunnar Knutsen (V), Rekkedal Hill (Sp) og Hovden (KrF) røysta i mot å gje klarsignal til ein planprosess.

Forklarte: Styreleiar Kjell Arne Aurstad forklarte om behovet for ein ny plan under synfaringa. Foto: Rune Sæbønes