Møre-Nytt har ein dominerande posisjon i utgjevarkommunen Ørsta, men tek og mål av seg til å gi eit godt tilbod til lesarar i nabokommunen Volda. Utviklinga går mot ei stadig tettare integrering av Ørsta og Volda, og i 2017 byrja vi å bruke slagordet «Nummer 1 i Ørsta-Volda».

Møre-Nytt skal prioritere stoff som gjeld Ørsta, men må samstundes vere best på regionale saker som gjeld Ørsta-Volda, og andre fellessaker. Vi skal vere størst, først og best, og vi skal setje dagsorden.

Møre-Nytt vert ståande med ein forholdsvis stor opplagsnedgang i 2017. Noko av dette kan forklarast med at opplagstala for 2016, som viste ein liten opplagsauke, truleg var basert på ein reknefeil. Dermed er ein reell nedgang for 2016 først registrert for 2017. Opplagsutviklinga snudde til oppgang i løpet av hausten. Målet er å halde oppe denne utviklinga.

Samfunnsrolla til avisa

Møre-Nytt har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Møre-Nytt set pris på lesarane, og lesarane set pris på avisa. Det må vi ta vare på og utvikle til også å gjelde nye lesargrupper. Møre-Nytt skal stå på lokalsamfunnet si side, men også framheve og kjempe for saker som har regional betydning. Det siste tiåret har det skjedd store endringar innan kommunikasjon på Søre Sunnmøre/Nordfjord. Difor får lokalavisene ei stadig viktigare rolle i den regionale utviklinga.

Dei uavhengige media er under press, men samtundes er behovet for sakleg, uavhengig og allsidig informasjon større enn nokon gong. Mange prøver å påverke innhaldet i avisa. Informasjonsstraumar frå både det offentlege og private aktørar vert meir og meir styrt og kontrollert av profesjonelle kommunikasjonsaktørar. Vi ser og at store medieaktørar trekkjer seg inn mot byane. Difor vert lokalavisene stadig viktigare for lokaldemokratiet og lokalsamfunna.

Møre-Nytt sitt nedslagsområde omfattar både Ørsta og Volda, to integrerte kommunar som i praksis er den fjerde største byen i Møre og Romsdal. I Volda kjem avisa Møre ut. Møre har det siste året hatt meir og meir stoff frå Ørsta, spesielt kommunalt stoff. Samstundes skal Møre-Nytt vere «Nummer 1 i Ørsta-Volda». Vi har dermed eit situasjon med to aviser i tilnærma same dekningsområde. Denne konkurransesituasjonen er spennande.

Medan Møre-Nytt er knytt til eit mediekonsern i rivande utvikling er Møre ei tradisjonell og familieeigd lokalavis. Møre-Nytt skal vinne konkurransen med Møre ved stå fram med den ryddigaste og mest truverdige journalistikken. Møre-Nytt vil legge stor vekt på å etterleve redaktørplakaten og dei presseetiske reglane. Lesarane skal vere trygge på at det er tydelege skille mellom redaksjonelt stoff, innsendt stoff og betalt innhald.

Den mest omtalte saka i Møre-Nytt 2017 handlar ytre sett om ei gate skal vere einvegskøyrd eller stengt med bom. Med saka utvikla seg til ein politisk følgjetong og ein nabokonflikt, både fordi rådmannen bur i området, og fordi samfunnsutvalet i kommunen har handtert saka klønete. I denne saka har det og vore konfliktar knytt til om politiske møte skal vere lukka eller ikkje. Her har Møre-Nytt stått på sine rettar, og fått full støtte frå kommunen sitt kontrollutval i ettertid.

Ei anna stor sak i 2017 gjeld spørsmålet om ein krins i Ørsta (Bjørke og Viddal) skal melde flytting til den nye Volda kommune (Volda og Hornindal). Ørsta vil i så fall miste både innbyggjarar og millioninntekter frå kraftproduksjon. Her har Møre-Nytt og konkurrenten Møre i Volda kvart sitt perspektiv, noko som er bra for lesarane.

Ei av dei sakene som skapte mest oppstyr på rådhuset i Ørsta var overskrifta «Pengane renn ut i Ørsta». Overskrifta var basert på det faktum at kommunen sitt investeringsbudsjett for 2017 er ekspansivt. Kommuneleiinga oppfatta dette som om Møre-Nytt meinte at det var uansvarleg pengebruk, men det var ikkje intensjonen. Saka viste etter redaktøren sitt syn at det er låg terskel for kva kommuneleiinga i Ørsta oppfattar som negativ omtale.

Møre-Nytt har fire journalistar og ein redaktør som også er dagleg leiar. Den nye leiarmodellen fører til at redaktøren har mindre tid til redaksjonelt arbeid enn det som låg tidlegare i stillinga. Alle redaksjonelle støttefunksjonar er vekke, og journalistane/redaktøren må bruke mykje arbeidstid knytt til produksjon/deskarbeid/ dagleg drift. Samstundes er det aukande krav knytt til nettavisa. Dermed kan det verte mindre tid til å drive fram eigne saker, oppsøke fleire kjelder og å kome seg ut av kontoret.

Det er vanskeleg å satse sterkare på nett utan at det går ut over papiravisa. Det er eit dilemma så lenge papirutgåva står så sterkt i lokalsamfunnet som det Møre-Nytt gjer, både i forhold til lesarar og annonsørar.

Faksimile: Møre-Nytt si forside, laurdag 16. september 2017, var prega av brannen på Vartdal, der eit bustadhus brann ned til grunnen. Brannmannskapet hadde ikkje vatn til sløkkingsarbeidet.