– Vi fekk heilt fantastisk vêr som var prikken over i-en på helga. Det var rett og slett knallfint. Vi er framleis på Sæbø og no lavar snøen ned og skredfaren er stor. For vår del vart det nesten så optimalt som det kan bli, sa festivalsjef Brynjar Åmot då Møre-Nytt snakka med han måndag føremiddag.

God stemning

Fleire hundre deltakarar tok del i den tredje utgåva av High Camp Sunnmøre. Medan skifestivalen hadde godt vêr det første året var dei ikkje like heldig i fjor. I år klaffa alle parameter for det som vart ei minnerik helg. Fjella i og rundt Hjørundfjorden har vore godt besøkt gjennom denne vinteren, men hadde ekstra godt besøk på dagtid under skifestivalen. Stemninga i festivalområdet var det ingenting å seie på ifølgje festivalsjefen.

– I festivalområdet var det svært god stemning fredag kveld og spesielt god stemning under konserten til Pineapple Express laurdag og musikken som følgde etter. Årets festival vart ein kjempesuksess, seier Åmot.

Vil halde fram på Sunnmøre

Interessa for High Camp Sunnmøre har vore stor både frå dei som bur i telt til dei som innlosjerer seg på hotellet under festivalen. I tillegg til festivalen på Sæbø vert det arrangert High Camp Nord med base i Bodø og High Camp Turtagrø i Jotunheimen. Det ligg an til årets festival ikkje blir den siste på Sæbø.

– Ja, vi tenkjer å halde fram her. Vi har eit godt samarbeid med alle aktørar, og det verkar som at alle er veldig positive til å ha oss her. Vi tykkjer det er veldig artig å få lov til å kome hit, arrangere skicamp og få vise fram fjella rundt oss. Det er eit ønske frå oss å halde fram med det, seier Åmot.