– Kommunen kan ikkje akseptere at det går føre seg arbeid i strid med reguleringsplan utan at løyve er gitt etter plan- og bygningslova. Det vert difor varsla om at kommunen har til hensikt å fatte vedtak om pålegg om retting, og pålegg om stans for den del av arbeidet som ikkje er i samsvar med reguleringsplan.

Det skriv einingsleiar Kåre Hjelle i eit brev til K.A. Aurstad.

Han viser til bekymringsmeldingar og bilde der det går fram at det på Klubben er gjort vesentleg uttak under godkjent kote. Dette har også naboane til Klubben reagert sterkt på.

Tilsyn

I brevet til Aurstad viser Hjelle til at kommunen har opna tilsyn etter plan- og bygningslova der kommunen bad om at det vart gjort greie for om drifta av massetaket skjer i samsvar med reguleringsplan. Hjelle viser også til brev frå Aurstad der entreprenøren seier at han ikkje vil gjere tiltak under kote 34,9 før reguleringsføresegnene er avklart eller reguleringsplanen er endra.

Hjelle viser også til søknad frå Aurstad om mellombels dispensasjon frå reguleringsførsegnene.

– Vi gjer merksam på at søknad om dispensasjon må fylgje plan- og bygningslova sine krav til sakshandsaming. Vi ber om at søknaden vert nabovarsla i samsvar med plan- og bygningslova. Vi må sende søknaden på høyring. Fylkesmannen, fylkeskommunen og Direktoratet for mineralforvaltning er naturlege høyringspartar. Skal dei kunne ta stilling til og uttale seg til søknaden, må søknaden synleggjere meir konkret omfang og plassering. Det bør difor leggast fram kartskisser og snitt som viser kvar og i kva djupne det er teke ut massar i dag, og kva de har til hensikt å ta ut på dispensasjon, skriv Hjelle i brevet.

Tolking

– Når det gjeld tolking av reguleringsplan kan det etter kommunen sitt syn ikkje vere tvil om kva som er korrekt juridisk tolking av § 10 nr. 1. Dette er ein bestemmelse om lågaste nivå for uttak av massar som er sett til kote 34,9. Planen har som intensjon å legge til rette for å avslutte massetaket, avgrense uttak av masser og legge til rette for anna bruk av arealet, seier Hjelle.

Han skriv vidare at kommunen ikkje kan legge til grunn at det er høve til å ta ut massar under dette nivået for så å fylle tilbake.

– Ei slik tolking ville føre til at reguleringsplanen ikkje avgrensar uttak av massar. Vi kan heller ikkje praktisere kravet til kotehøgde på ein rasjonell måte i lys av praktisk sprengingsarbeid og naudsynt undersprenging, heller ikkje kva som var praksisen før reguleringsplanen vart godkjent. Dette fordi bestemmelsen ikkje har som føremål å legge til rette for vidare drift, men skal sikre avslutning av denne drifta, seier Hjelle.

– Vi meiner likevel at reguleringsplanen si nedre grense for uttak og høgde på regulert veg er ulogisk og er såleis argument for å gi dispensasjon. Kva som er årsaka til at planen er forma ut slik kjenner vi ikkje til, men dette gir oss ikkje høve til å tolke § 10 annleis, seier Hjelle.

Han konkluderer med at Aurstad har utført arbeid i strid med reguleringsplan.

– Kommunen vil avslutte tilsynet med tilsynsrapport i samsvar med byggesaksforskrifta. Vidare fylgjer det av plan- og bygningslova at kommunen har plikt til å stoppe ulovleg arbeid og sjå til at tiltak vert ført inn i lovlege former, seier Kåre Hjelle.

Han gjer det klart at kommunen vil ta omsyn til at det er lagt fram søknad om dispensasjon, og at føretaket ønskjer å gjennomføre reguleringsplanarbeid for å avklare framtidig bruk av området.

– Kommunen kan likevel ikkje akseptere at det går føre seg arbeid i strid med reguleringsplan utan at løyve er gitt etter plan- og bygningslova. De vert difor varsla om at kommunen har til hensikt å fatte vedtak om pålegg om retting og pålegg om stans for den del av arbeidet som ikkje er i samsvar med reguleringsplan. Det ligg i saka sin natur av pålegg om retting vil ta omsyn til vidare sakshandsaming i samband med søknad om dispensasjon og reguleringsplanarbeid, seier Hjelle.

Aurstad har høve til å kome med merknad innan 3. april.

– For ordens skuld gjer vi merksam på at dette ikkje gir føretaket høve til å gjennomføre arbeid i strid med reguleringsplan i tida fram til stoppordre vert gitt, seier einingsleiar Kåre Hjelle.