Hovderevyen kallar årets revy «Over streken». Med god grunn. Det var ikkje få maktpersonar og Jørgen Hattemakarar som fekk passet sitt påskrive i løpet av den halvannan time lange framsyninga under premieren laurdag. Dei 11 på scena tok publikum med heile vegen frå Nord-Korea til Bjørke med hysteriske parodiar og eitt og anna rimeleg velplassert stikk til både overmakt og lokale samfunnsaktørar.

Bomstasjonar, pelsdyroppdrett, Bjørxit, BygdePride, MeToo-kampanjen, nettrolling, nye straummålarar, nytt legesenter, statsminister og statsrådar og Kirsten Ose som Nordkoreansk nyhendeopplesar.

Høgdepunkta stod i kø.

– Dette var flott! Alt saman. Heilskapen var heilt topp, rosar Berit Urkegjerde og Karin Flatnes.

– Alt var løye.

– Eg kjende meg så utruleg godt att i sketsjen om det nye legesenteret, seier Gudny Fagerhol, og viser sjølvsagt ikkje til håplaus handsaming av pasientar på scena, men det faktum at det nok tek litt tid før alle veit kva veg dei skal gå for å finne fram til rett venterom. Det skal visstnok ha vore litt spasering i korridorane dei første dagane.

Og der var sjølvsagt med eit stikk til nedlagde kontor på bygdene. «Ringjer det fleire frå Sæbø og Vartdal no, så klikkar eg!»

Mange verdsproblem hadde vore løyst, om gjengen bak Hovderevyen hadde fått regjert. Kanskje. Frå scena serverte dei i alle fall løysing på både bompakke og Bjørxit.

Det er, tradisjonen tru, revygeneral Mads Ryste som har stått i bresjen med regi og instruksjon, og fleire av tekstane, saman med Kirsten Ose, Ingvil Flatnes, Kari Flø og Arnfinn Skurtveit.

Elles på scena var Bergljot Sandvik, Bernhard Pedersen, Ingvild Berge Conradsen, Lorentz Ose Flø, Petter Holsvik og Roe Digernes.

– Og så mange, mange fleire som har vore med og bidrege med lys og lyd og mat og sminke og kostyme og billettsal og alt, helsa Mads Ryste, som også takka eit begeistra publikum som gav ståande applaus etter framsyninga.

Meir Over streken vert det også måndag og tysdag for dei som har behov for å trimme lattermusklane.