Hendinga skjedde natt til 19. november i fjor. Den tiltala møtte i retten og kjende straffeskuldig og kom med ei atterhaldslaus tilståing. Den tiltala forklarte i retten at han hadde kjøpt seg ny bil og at han var ute saman med ein kamerat den kvelden. Den krenkte skal ha hoppa på panseret på bilen utan grunn, og den tiltala vart då sint. Det vart ein verbal konfrontasjon som gjekk over til ein fysisk konfrontasjon. Den tiltale slo til den krenkte. Vidare haldt han den krenkte opp etter ein vegg, skalla til han slik at hovudet small inn i veggen og den krenkte mista bevisstheita. Den tiltala forklarte at han bad den krenkte om orsaking nokre dagar etter hendinga.

I Søre Sunnmøre tingrett vart dommen fengsel i førtifem dagar. Fullbyrdinga av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år. Bot og sakskostnader vart ikkje idømt.