Hanna Synnøve Åkre Grimstad (12) frå Ørsta har ein heilt spesiell jobb, ho dubbar teiknefilmar. I løpet av året vert ho å høyre som stemma til den populære teiknefilmfiguren Masha frå serien om bjørnen Mishka og den noko overentusiastiske, sprudlande, irriterande og elskbare jenta Masha. Serien er opphavleg russisk og vert sendt på NRK Super, og har gått rett heim hos både små og store tv-sjåarar. I store delar av vinterferien var Hanna i studio hos dialoginstruktør Harald Langebrekke hos Nordubb sitt studio ved Høgskulen i Volda. Denne veka vart den siste finpussen gjort.

– Det vart kanskje litt vel Ivar Aasen, kommenterer Langebrekke, etter at Hanna har lest inn tittelen på eine episoden: «Den eine lygna dreg med seg den andre».

– Vi seier «løgna» her, seier Hanna frå studio.

– Då seier du det, får ho til svar.

Og vipps var jobben gjort.

– Ho brukte langt mindre tid enn vi trudde på førehand. Eit naturtalent, seier Langebrekke om den unge dubbaren.

Dyktig: – Hanna har vore superrask, og tok jobben som ein leik, fortel dialoginstruktør i Nordubb Studios, Harald Langebrekke.

Nordubb har leigd studio i Volda i fleire år, og kvar gong det er behov for sunnmørske stemmer til ulike seriar, tek dei turen til Volda.

For det meste er det barn som får jobb som dubbarar i Volda.

– Treng vi sunnmørsk, eller nynorsk frå vaksne, har vi stort sett nok sunnmøringar å ta av i Oslo.

Men barnestemmene er altså i all hovudsak lest inn i Volda. Hanna fortel at ho er svært glad i skodespel, og at ho også lagar eigne filmar med iPad. Ho var difor meir enn klar då det vart annonsert etter stemme til Masha. Ho har fått prøve seg før også, då ho var litt yngre.

– Det var første gongen vi oppdaga at Hanna kunne snakke sunnmørsk, fortel mor Gry Marita Åkre Grimstad.

For Hanna levde sine første leveår på Austlandet, og snakkar altså austlandsk til vanleg. Men når ho entrar studio er det klingande nynorsk, eller Ørsta-dialekt, som kjem ut.

– Dialekt har vorte hippare dei siste åra. Det er etterspurd, særleg i NRK, fortel Langebrekke, og legg til at NRK er ein av dei viktigaste kundane dei har.

– Og her i Ørsta og Volda finn vi den dialekten vi er ute etter, tett opp mot nynorsk, men veldig naturleg og avslappa. Det er ingen her som snakkar nynorsk på den måten dei gjer på teateret til dømes. Vi vil ha det mest mogleg naturtru, seier han.

Og der kjem Hanna inn i bildet. Stemma skal godkjennast frå øvste hald, og både NRK og produsenten i Russland har gått god for at stemma til Hanna er perfekt til Masha.

Ho har også hatt oppdrag for barne-tv-seriane Bing og Petter Kanin. I løpet av året skal også dei 13 episodane med Masha og Mishka bli sendt.

– Eg vil absolutt anbefale andre til å også prøve dette. Det er utruleg gøy og lærerikt, seier Hanna.

– I rekka av snåle jobbar folk kan ha, er vel dette ein av dei betre, seier Harald Langebrekke, som kan garantere at det vert fleire sjansar for unge håpefulle, som kunne tenke seg å prøve seg i studio i Volda. Dei er stadig tilbake i bygda, på jakt etter den perfekte barnestemma.