1. juli i fjor tok Bhim Darjee på seg den grøne Kiwi-uniforma for første gong, og hadde sin første arbeidsdag hjå Kiwi Meieribygget i Ørsta. Det vart opparbeidd ein utdanningsplan gjennom Kiwi Meieribygget, Furene AS og NAV med klare opplæringsmål.

– Frå 1. januar 2018 gjekk Bhim inn i ei fast stilling ved butikken her som eit resultat av den opplæringa han har gått gjennom. Ein annan tilsett skulle gå ut med pensjon og her var eit arbeidskraftbehov. Butikkdrivar Dag Nyhammer tenkte at dei måtte få til ei erstatning, og gjennom oss så starta vi ein opplæringsprosess som har resultert i fast tilsetjing, seier jobbkonsulent og marknadskonsulent Olav Stokke i Furene AS.

Darjee er litt beskjeden i møtet med Møre-Nytt, men med eit stort smil understrekar han at han er glad for sjansen han fekk ved Kiwi-butikken i Ørsta og at han likar jobben.

– Ja, eg trivst veldig godt, seier Darjee.

I heimlandet Nepal arbeidde Darjee som skreddar, men var veldig klar på at han ville gjere noko anna då han kom til Noreg. I samråd med Furene AS og NAV fall valet på butikk. I tillegg utdanningsplanen har Darjee også fullført Kiwi-skulen. Nyhammer er godt nøgd med samarbeidet med Furene AS og omtalar det som heilt eineståande.

– Vi har hatt ein god dialog heile vegen med Bhim og Furene, og tidlegare har eg hatt andre inn på språkpraksis. Då ein tilsett skulle ut i pensjonisttilværelsen var det naturleg å bygge Bhim opp i ei fast rolle og at han vart ein av oss. Bhim er utruleg blid, og er ein inspirasjon for oss andre med sin humor. Eg trur det smittar over på kundane også, seier Nyhammer.

Rekordår

I 2017 losa Furene AS 191 personar til arbeid eller utdanning gjennom dei tiltaka dei utfører i tett samarbeid med NAV. Dette er ein kraftig oppgang frå åra før (124) og skjer -trass i at 2017 var eit tøft år for næringslivet på Søre Sunnmøre.

– Dette er eit tydeleg bevis på at arbeidsmarknadstiltaka verkar for mange, seier administrerande direktør Eldor Skeide i ei pressemelding.

Sjølv om arbeidsløysa går ned i regionen er det framleis mange som har behov for rettleiing og oppfølging. I 2017 var omkring 800 personar innom Furene AS, og det utgjer om lag 1,7 prosent av befolkninga i nedslagsfeltet til bedrifta. Furene AS har eit tett samarbeid med næringslivet, og ifølgje verksemda er engasjementet og velvilja dei møter heilt avgjerande for å oppnå gode resultat. Gjennom NHO sitt samarbeidsprosjekt «Ringer i Vannet» har det blitt etablert faste avtalar med bedrifter som tek kontakt med Furene AS når dei har behov for arbeidskraft.

Eineståande

Ein av dei som som har lukkast med å kome seg i arbeid er skreddaren frå Nepal. Han er tilsett ved Kiwi-butikken i ei stilling på femti prosent, og stiller opp når butikksjefen har behov for ekstra arbeidskraft.

– Bhim er veldig oppteken av å lære. Er dei ei vare som ein kunde ikkje finn er Bhim rask til å søke opp på nettet, kjem gjerne og viser oss biletet og då er det er utrueleg enkelt å gå vidare. Han er ikkje rådalaus og han finn løysingar, i tillegg går han godt overens med alle, seier Nyhammer.

Ifølgje Stokke er viktig at dei sunne grunnhaldningane i arbeidslivet ikkje vert gløymt.

– Det vert mykje snakk om kompetanse. Møt opp når du skal, hald avtalane dine og vere til å stole på. Har du det vil du på eit eller anna tidspunkt lukkast, seier Stokke.

– Det handlar ikkje berre om karaktarar og papir. Haldningane våre er viktig. I vår bransje har tatt inn personar som kanskje ikkje har blitt sett på som brukande i andre samanhengar, men dei har fått nok opplæring og blitt sett til ansvar. Dette veks dei ofte på. Når det kjem til haldningar har Bhim vore eineståande. Han er alltid presis og gjerne klar før tida, seier Nyhammer.