Det vert framleis jobba for ein fellespakke mellom Ørsta og Volda sjølv om ein rein Volda-pakke er alternativ nummer to.

Det er konklusjonen etter at styringsgruppa for vegpakke i Ørsta og Volda denne veka hadde møte.

– Konklusjonen er at det vert jobba med to alternativ. Det eine er ein rein Volda-pakke, og det andre og det viktigaste slik eg ser det, handlar om ein fellespakke med lågare takst for bompassering enn det som til no er føresett og med fleire bommar, fortel ordførar Stein Aam i styringsgruppa.

På den måten meiner han fordelinga mellom nytte og belastning vert betre fordelt. Bomtaksten kan vere frå 13–14 til 20 kroner, alt etter kvar dei vert plasserte, vurderer Aam.

– Vi må hugse at Voldatunnelen er hovudprosjektet i pakken, minner Aam om.

Stridens kjerne i saka har vore kvar bommane skal stå. I eit tidleg utkast vart bommane plasserte i Volda, mellom anna mellom Volda sentrum og Ekset/Mork. Men Volda vil at ørstingane skal bidra meir fordi dei ønskjer at ei framtidig utbygging av Ørstafjordkryssing i fase to skal koplast til bompengepakken. Og kravet frå Volda har vore at det vert plassert ein bom i Hovdebakken. Viss ikkje held Volda seg til ein rein Volda-pakke. Samtidig har Ørsta tilbakevist ein bom i Hovdebakken. Såleis har saka verka låst.

– Då vi gjekk til møtet denne veka hadde vi frå Volda konkludert med at Ørsta ikkje lenger var interessert i eit samarbeid om ein felles bompakke. Men møtet utvikla seg slik at vi framleis har ein dialog om dette, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Han fortel at det var vegvesenet som spelte inn tanken om lågare bomavgift enn tidlegare skissert og at det skal kome fire bommar.

– Dette er interessant fordi ein med dette kan få langt større moglegheit for gjennomslag enn ved ei rein Volda-løysing. Det vil ikkje vere nokon samanheng mellom ein bom på Klippa i Volda og samferdselstiltak i Ørsta. Og i Volda vil større tiltak kunne vere tvilsamt å få realisert berre med bompengeinnkrevjing ved rundkøyringa, forklarar Amdam.

Det er ikkje gjort klart kva bommane skal stå, men skal Ørsta vere med må det setjast opp ein bom mellom aksen frå Osbrua til rundkøyringa i Furene, meiner Volda-ordføraren.

Ørsta-ordføraren ønskjer ikkje no å ta stilling til evt. bomplassering i Ørsta.

– Eit fellesprosjekt handlar også om å svelgje kamelar?

– Det gjer det, men eg må få aksept frå det politiske miljøet i Ørsta før eg kan svare meir om dette, seier Stein Aam. Han håper i det lengste at det kan kome til semje om ein fellespakke. Men han er langt ifrå sikker.

– Det er veldig spennande å sjå om vi får til dette. Regionen vil tene på ein felles pakke, og eg vil ikkje sleppe dette ønsket før ein har prøvd alt for ei løysing. Eit sentralt spørsmål for Volda er om dei får løyst alle samferdsels-ønska berre med ein rein Volda-pakke, som vil vere ei innsnevra løysing. Ifølgje vegvesenet er det ikkje sjølvsagt at Stortinget vil godta dette. Difor er vi avhengige av at Volda og Ørsta vert samde i denne saka, seier Aam. Han gjer det klart at han vil strekke seg langt for ein fellespakke.

– Eg vil gjerne verte samd med Volda-samfunnet då vi vil få løyst mange prosjekt. Ein rein Volda-pakke vil skade regionen, hevdar Aam.

Utvide

Etter møtet er det no semje om å utvide styringsgruppa med to politikarar frå kvar kommune. På møtet i formannskapet i Ørsta komande måndag skal det veljast ein politikar i tillegg til varaordføraren.

– På denne måten ansvarleggjer vi heile kommunestyret. Og då kan vi mogleg verte samde om det eine alternativet eller det andre, seier Stein Aam. Volda har valt ordførar og varaordførar i tillegg til ein frå opposisjonen.

12. april er det nytt møte i styringsgruppa.

– Håpet er å prøve å kome vidare med saka før møtet i juni der vi gjer ein endeleg konklusjon, seier ordførar Aam.

Roy-Arne Folkestad