Korleis er kvardagen din?

Som småbarnsforelder til to er kvardagen ganske hektisk med skule, barnehage, lekser, handball, fotball og ski-aktivitetar.

I tillegg til jobb på Tussa IKT AS og mykje band-speling er det ikkje problem å få tida til å gå. Må og få prøve å trent litt og på til dømes langrenn og toppturar.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Ingen spesielle for øyblikket. Kjekt at prosjektet med fleirbrukshallen har starta. Det var det behov for.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Vil seie at me bur på verdas beste plass. Det er berre å sjå seg rundt. Det har vel Ivar Aasen sitert fleire gongar.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Eg saknar Rust Club og Scene når den var i sitt ess, og at eg sakna reit skikkeleg symjebasseng. No har dei fått i Fosnavåg, og Ulsteinvik, så me må vel få eit her også.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Kanskje eg skulle ha våre like «galen» som han som var i Stranda, og bygd gondol til toppen av Veirahaldet. Får ein til det på ei veke skal tru!

Kven fortener ein blomebukett?

Der må eg svare til mi kjære kone, Ingvill Korsfur Ose.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Led Zeppelin og Foo Fighters kjem til Ørsta!

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Den trygge oppveksten på Vallabøen med gode vener og familie har gitt mange gode minner. Skileik på Hanne- og Monika-Marka har og sett sine spor. Mange flotte fisketurar inn til Byrkjelo kan vel og nemnast.

Kva får deg til å le?

Det er mykje og mange. Det meste innan humor. Blei kasta ut av timen på vidaregåande på grunn av latterkrampe fleire gongar.

Kva er ditt favorittmåltid?

Pølse med brød er undervurdert. Ein perfekt biff skal ein vel ikkje kimse av.