Korleis er kvardagen din?

Hektisk, men fin. Slik er det når ein er småbarnsmor og samstundes driv eige foretak. Eg er elles heldig som til ei viss grad får regulere arbeidstida mi sjølv. Er mykje saman med mine tre barn, og held elles matkurs for barn i ulike aldersgrupper gjennom firmaet mitt GodStart.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Vakker natur og frisk, klar luft! Ørsta er akkurat passe stort. Ikkje stort nok til at alle kjenner alle, men samstundes såpass lite at ein ikkje forsvinn vekk i mengda.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta ev. Volda?

Mer liv i gågata! Slik det var i «gamle dagar».

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Eg ville ha sørga for å fremme det gode fokus på matglede blant barnefamiliar i kommunen. Arrangert «sanseverkstad» i gågata - langbord der barn og småbarnsfamiliar fekk lage fruktspyd, og smakt på enkel og spennande mat. Eit fint tiltak også for å få liv i gågata igjen. (Dette skal eg verkeleg få til også, utan å vere ordførar, berre vent og sjå!)

Kven fortener ein blome-bukett?

Det er jo så mange som skulle hatt. Man akkurat no vil eg la buketten gå til bror min, Bjørn Marius i Rotlaus. Eg er mektig imponert over Broder’n. Det er mykje hardt arbeid bak å nå såpass høgt opp og fram. Vidare er han verkeleg med på å sette Ørsta og Ørstadialekta på kartet. Hurra for veslebror.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Yrande folkeliv i gågata!

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Om eg skal velje eitt, så må det vere dei fine fjellturane eg hadde saman med familien i Harpedalen. Eller då vi gjekk Molladalen. Det er noko eige ved å berre kunne ta på seg fjellsko utanfor trappa og gå avgarde. Dette er noko ein verkeleg set pris på når ein flyttar vekk frå dette mektig flotte naturlandskapet. Gode minne om nydeleg natur, rein og god luft og stoppepauser med kakao, appelsin og kvikklunsj.

Kva får deg til å le?

Dei tre små barna mine og min supre mann, Kenneth. Familien min betyr alt for meg!

Kva er ditt favorittmåltid?

Eit komplisert spørsmål, då eg har mange favorittar. Men det er lite som slår eit ekte ballmåltid! Middag med potetball er barndom for meg, noko eg har tatt med meg videre inn i eige vaksenliv!