Korleis er kvardagen din?

Kvardagen er god. Eg er vorte ein morgonfugl med åra og no startar dagen tidleg i lag med Fant, ein liten kjekk kvalp på eit halvt år. Det vert ein liten tur med han før frukost og jobb i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Mange kjekke kollegaer og kundar der gjer dagane innhaldsrike. Men no er fokus i ferd med å dreie over til Amfi og oppgåvene som ventar. Eg ser veldig fram til å få bli ein del av den flotte gjengen som driv butikkar og jobbar der. Etter jobb er det middag og gjerne ein tur i lag med Fant eller ein tur på Topp Trening. Kveldane blir gjerne brukt til å sjå litt TV, lese sakspapir til ulike møte eller å strikke. Elles har eg ein uvane med å sovne på sofaen, spesielt på fredagane.

Kva saker opptek deg?

Eg er engasjert i lokalpolitikk og lokale saker tek mest fokus. Eg er glad for at vi er i ferd med å realisere fleirbrukshallen. Det er kjempeviktig for Ørsta både med omsyn til aktivitet og attraktivitet for dei unge som vil busette seg her. Elles engasjerer eg meg i det som no skjer rundt reiseliv og næringsutvikling i Ørsta. Reiseliv kjem til å bli ei svært viktig næring for kommunen vår, og samspel mellom næringsliv og handel blir viktig framover. Her er også Amfi Ørsta svært sentral.

Kva er bra med Ørsta?

Naturen med fjell og fjord. Det er vakkert i Ørsta. Å få sitte på ein fjelltopp med ein kaffikopp å sjå utover Ørsta er toppen av lykke for meg. Kommunesamanslåing engasjerer meg også, eg trur det er naudsynt og eg meiner Volda og Ørsta høyrer naturleg saman.

Kva saknar du i sentrum?

Ikkje noko spesielt, men eg er nok over gjennomsnittet opptatt av god mat og drikke, difor ville restaurantar på «strandpromenaden» med utsikt mot fjell og fjord nok toppa det heile for meg.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Eg synest Stein Aam gjer ein god jobb. Han er ein tydeleg forkjempar for bygda vår, og det ville eg også vere viss eg skulle vere ordførar ei veke. Eg trur at framtida til Ørsta avheng av samspel mellom politikk, reiseliv og næring, slik kan vi skape vekst og utvikling og såleis eit godt tenestetilbod til innbyggarane våre. Endå sterkare fokus på samhandling og nettverk mellom desse aktørane er viktig. Elles ville eg teke ei runde rundt på dei ulike institusjonane i bygda vår og skrytt uhemma av dei – dei gjer ein fantastisk jobb og vi får høyre altfor lite om dette i kvardagen. Dei fortener ros. Det er faktisk dei som verkeleg gjer ein skilnad for folk.

Kven fortener ein blome?

Peder Lid for den innsatsen han har lagt ned for Amfi og for Ørsta.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

«Folketalet i Ørsta går kraftig opp – næringslivet og reiselivsnæringane blomstrar i heile kommunen».

Beste minne frå oppveksten?

Mamma, som alltid var til stades for oss er nok det viktigaste og klaraste minnet mitt. Også somrane i Oslo med mormor og morfar var fantastiske. Frukost på Steen og Strøm i lag med momor og morfar er eit slikt kjært barndomsminne. Mamma var elles ein av dei verkeleg faste kundane på Amfi. Ho var der bortimot kvar dag, fram til ho gjekk bort i fjor. Eg trur ho ville vore nøgd med den jobben dottera no skal inn i.

Kva får deg til å le?

Det er ganske mykje. Eg er nok relativt «lettledd». Nora, mitt kjekke barnebarn, får meg ofte til å le godt – ho er ei klok og kjekk jente som vi er umåteleg glade i og stolte av. Men eg ler også godt av «Neste sommar» og «Side om side» på TV.

Kva er ditt favorittmåltid?

Måltid er på ein måte min favorittsyssel. God mat og god drikke er viktig for meg. Eg likar både å lage og ete god mat. Men å få servert Vidars Red Curry medanNRK sender «Beat for Beat», er fantastisk.