Korleis er kvardagen din?

Eg er tidleg oppe, og er på skule frå kvart over 8 til 15. Det går mykje i skule og lekser, lufte hunden min Nemi, sjå på ein serie eller ein film, og så ein gong i månaden er det møte i ungdomsrådet.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Akkurat no finn eg #metoo-bevegelsen svært viktig, elles er saker som omhandlar Bondalen/Hjørundfjorden, born og unge, menneskerettar, flyktningar og immigrantar, feminisme, LHBT+-samfunnet, mobbing, og dyr – spesielt utryddingstrua dyr særs viktig for meg.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Nei, sei det. Det er sjølvsagt fantastisk natur på Valset med utruleg utsikt, ein kan sjå ned mot Hjørundfjorden! No på vinteren er det heilt magisk. Her er fine plassar å gå på tur, jakte, gå eller stå på ski. Det er litt aude her eg bur, men det er ein utruleg fin plass.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta evt. Volda?

Eg saknar ei litt meir levande gågate.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Det å vedta ein ny skule og barnehage på Sæbø, er noko eg ville ha gjort om eg hadde vore ordførar. Og hjelpt Hjørundfjordheimen på ein eller annan måte.

Kven fortener ein blome-bukett?

Mamma og besta fortena ein blomebukett. Dei er to av dei sterkaste personane eg veit om.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Draumeframsida mi er «Ny skule og barnehage på Sæbø!!»

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Då eg gjekk på barneskulen brukte eg av og til å gå ned til besta og besten og ete middag i lag med dei. Eg gjorde lekser, og etter det køyrde besten meg heim.

Kva får deg til å le?

Dårlege vitsar får meg til å le. Pappa sine vitsar er best. Eg ler vel eigentleg av det meste.

Kva er ditt favorittmåltid?

Besta sine vaflar er aller best, elles likar eg godt brennsnut, bacalao og graut.