Korleis er kvardagen din?

Eg opplever kvardagen som meiningsfull. Etter frukost med familien reiser eg fram på Åmås. Eg har jobba som lærar på Åmås friskule i godt og vel 12 år. Det er ein god arbeidsplass. Har eg tid mellom jobb og andre plikter, tek eg meg gjerne ein skitur på Åmskaret til dømes, eller besøkjer mormor Solfrid på Vatne. Elles er eg engasjert i kvardagen til borna mine med lekser og fritidsaktivitetar. Etter at eg tok til på eit master-studium om kreative fag og læreprosessar, har dette sjølvsagt også sett sitt preg på kvardagen.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Eg brenn for gode møte mellom generasjonar, og er veldig glad for samarbeidet mellom Åmås friskule og Ørstaheimen som vi har fått utvikle saman siste fire åra. Songstundene og aktivitetane med elevar frå skulen og dei eldre på heimen ein gong i månaden, trur eg er gull for alle som tek del. Om ikkje så lenge skal vi dit og bake potetkaker. Det blir stas! Så er det snart «Suppe i sentrum» att. Det starta som ein ide om dugnadsbasert fellesmiddag for alle i Ørsta, der frikyrkjekjellaren er heile bygda sin møtestad, og den rause suppegryta er både ei praktisk løysing og eit symbol på ubetinga kjærleik midt i ein travel kvardag. No er konseptet godt etablert. 31. januar inviterer vi til suppe i sentrum for 27. gong sidan eg tok initiativ til å starte opp det såkalla «Supperådet». Det er kjekt å sjå kor godt dette har vorte teke imot av både barnefamiliar, ungdom og eldre i bygda.

Eg vart også veldig glad og takksam då kommunestyret gjekk inn for å prioritere klatrejungel ved Vikemarka skule. Uteområdet ved skulen er ei sak som vi har jobba med i fleire år. Oppvekstmiljø som stimulerer til fysisk aktivitet og fri leik er svært viktig synest eg. Eg må difor også gratulere alle i kommunen med at vi endeleg har vorte med i Sunnmøre friluftsråd. Det blir spennande å fylgje med dette framover.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

No må vel det vere vinterfjellet. Men den framhevar seg kanskje godt nok sjølv for tida. Song generelt og den rike folkesongtradisjonen på Søre Sunnmøre spesielt, har eg verkeleg lyst til å lyfte meir fram i dagen.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Eg kjenner at her er det fort gjort å svare at ein saknar PM-kiosken, eller Go’biten grill, eller at eitkvart anna var slik som det var på 80-talet. På ein måte trur eg at ein kan lese dette som eit lurespørsmål, eller gåte. I så fall svarar eg «periferien».

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Ei veke går fort. Men eg trur eg ville ha invitert alle 5- og 6-åringar med på råd. Så skulle vi nok ha funne ut av det viktigaste nokså kjapt. Det som er viktig og bra for borna, er ofte bra for oss andre også.

Kven fortener ein blomebukett?

Alle som engasjerer seg i frivillig arbeid. Akkurat no tenkjer eg på dei som legg arbeid i dei gode skiløypenetta våre. Eg er svært takksam for dette store engasjementet. Og sjølvsagt alle i Røde Kors.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Ein ikonisk påskeskitur i lag med pappa påska -82 er eit svært godt minne.

Kva får deg til å le?

Det er mange former for «galgenhumor» som fungerer ganske bra for meg, eigentleg. Men folk må berre prøve seg fram med andre ting også, altså. Artig med humor.