– Dei grov grøfter med hakkegrev og målte opp vegar på augemål. Kontrastane til Ørsta kommune var definitivt store!

I knappe tre veker i februar og mars tok teknisk sjef i Ørsta kommune, Rolf Magnus Sundgot, ut rest- ferie. Men han reiste ikkje til Kanariøyane og la seg på ei solseng. Nei, Sundgot reiste til Kenya for å starte opp bygginga av ein barnelandsby for dei minste av dei foreldrelause barna i slummen i Nairobi.

Organisasjonen North-South Partnership Aid (NSP Aid) er involvert i ei rekkje prosjekt både i Kenya og i Etiopia. Skodje-mannen Gunnar Hamnøy er pådrivar for det humanitære arbeidet med utspring på Sunnmøre.

NSP Aid er engasjert i fleire prosjekt som gir barn og unge utdanning, men også hjelp til grunnleggande behov som mat og tak over hovudet. NSP Aid bidreg både med å organisere og samle inn pengar til utvikling i Afrika. Givargleda på Sunnmøre har vore stor og viktig. Til no har organisasjonen bygt skular i slummen for kring tusen elevar.

No har startskotet gått for realiseringa av ein barnelandsby utanfor staden Voi like nord for byen Mombasa. I Voi skal borna få ein trygg heim og skulegang. Og det er her sivilingeniør Rolf Magnus Sundgot kjem inn. Han er frå Ulsteinvik, og er teknisk sjef i Ørsta kommune. Saman med leiaren for gjenvinningsbedrifta Sun-Trans i Ålesund reiste Sundgot til Kenya i februar.

Tilfeldig

– Bakgrunnen for reisa var nokså tilfeldig. Eg møtte ved eit tilfelle ein entusiastisk Gunnar Hamnøy og vi kom i prat om arbeida han driv. Det enda opp med at eg vart «piska inn» som prosjektleiar for oppstarten av barnelandsby-prosjektet, fortel ein smilande Sundgot som kosta både reise og opphald frå eiga lomme.

Saman med gode medhjelparar starta han på null. Utgangspunktet var ei stor og flat tomt. I første omgang måtte det på plass vegar, vatn og straum. Solcellepanel vart også montert på taket av ein konteinar, og på ein anna konteinar vart det lagra vatn. I tillegg handla starten på prosjektet om å gjerde inne den store tomta, også for å unngå elefantar som er gode til å lukte vatn etter at Sundgot & Co fann grunnvatn på 210 meters djupne.

Dagane var lange, og der var nok utfordringar. Samanlikna med norske, moderne byggjemetodar var det meir tungvint i Voi.

Augemål

– Dei grov grøftene med hakkegrev. Og då vi skulle stikke ut nye vegar, hadde dei ikkje GPS og slikt, men tok alt på augemål, fortel Sundgot som konstaterte at også det enkle fungerte, og at det var ingen ting å seie på arbeidsinnsatsen.

HMS var framandord, men dei fann tilfredsstillande løysingar likevel, som då Sundgot skulle jobbe mykje på taket av ein konteinar.

– Då stod der ein mann og heldt stigen for meg heile dagen. Og han gjorde jobben.

Også forholdet til tid var annleis enn han var vand med.

– Når dei sa at konteinarane skulle kome dagen etter, tok det ei veke, fortel Sundgot som opplevde at interessa for å jobbe og tene pengar var stor.

– Vi hadde ikkje før starta før det ein dag møtte opp femtifem mannfolk med hakkegrev og jungelknivar for å jobbe for oss.

Sjølv om ting var enkle og primitive, ikkje minst i slumområda som Sundgot også fekk oppleve på nært hald, så registrerte han mange blide andlet trass alle utfordringane folk hadde i kvardagen. Rolf Magnus Sundgot syntest det var givande og lærerikt å oppleve ein heilt anna kultur.

– Fattigdommen i Kenya er svært omfattande, og veldig mange lever frå hand til munn. I slummen låg søppeldungar like store som Ørsta sentrum og brann. Det er ikkje nokon tvil om at vi her heime lever på ei grøn grein. Vi klagar over telehiv, medan vegane der nede vert vaska heilt vekk i regntida. Og der kjem ingen frå teknisk etat og ordnar opp.

Sundgot har ei oppmoding:

– Vi må verkeleg sette pris på det landet vi bur i. Vi lever i overflod og bør spørje oss kva vi kan bidra med for at fattige kan få det betre. Det nyttar å hjelpe, sjølv om hjelpa ikkje når så mange som ein ønskjer. Og det var godt å sjå at vi fekk gjort noko viktig i Kenya.

No er det lokale fagfolk som byggjer barnelandsbyen vidare. Det første huset der skal vere innflyttingsklart i løpet av dette året.