I samarbeid med Fri Flyt har fullriggaren Christian Radich snart selt ut to turar der deltakarane både er mannskap og skigåarar.

Turane, som vert halde den siste veka i april, går over fire døger. Det vert fyrst eit døgns segltur til havs, før kursen vert sett inn mot Hjørundfjorden

Ver og føre avgjer.

Der vert det mat om bord, og ver og føre vil avgjere kva toppturar det vert satsa på. Fjell som Kolåstinden, Skårasalen, Blæja og Randers Topp vert nemnt som moglege turmål.

«Hjørundfjorden er blitt viden kjent for sine toppturmuligheter. Det er ikke uten grunn. Klassikerne ligger på rekke og rad, og her er det nok topper å ta av enten man søker enklere eller mer avanserte turer,» heiter det i reklamen for turen.

Deltakarane betalar frå 9.990 kroner per person for å vere med på eventyret.