Ei av meldingane galdt bråtebrann på Vartdal.

- Det var ein liten grasbrann. Maks fem hundre kvadratmeter, seier vakthavande brannbefal i Ørsta, Guttorm Øye.

Brannen fekk dei stoppa raskt.

- Det var vindstille på staden, så brannen kom raskt under kontroll, men det er generelt svært tørt i marka no, alle stader utan snø, så folk må vise stor aktsemd. Vi vil oppmode alle om å la vere å fyre opp bål, seier Øye.

Han seier at heile stranda, frå Sætre og utover Vartdalsstranda er utsett, då der ikkje ligg snø.

- Det har vore utrykkingar i heile går og i heile dag på heile Søre Sunnmøre. Så dette er ikkje rette tida for å fyre opp bål.

Det går også føre seg kontrollert bråtebrenning på Raudøyholmen, laurdag.

Kontrollert bråtebrenning på Raudøyholmen. Foto: Janne-Marit Myklebust

110-sentralen har meldt om fleire episodar laurdag:

* Bråtebrann på Sandvik i Vanylven kommune.

* Bål ute av kontroll ved Hjørungavåg i Hareid kommune.

* Bråtebrann i Gursken i Sande kommune.

* Bål/lyngbrann ved Kleivaneset i Herøy kommune.

* Bål/grasbrann på Synes, Vigra i Giske kommune.

* Bråtebrann på Vartdal i Ørsta kommune.

* Bål ute av kontroll på Eikrem i Syvde, Vanylven kommune.

Spør om lov

110-sentralen oppmodar alle som ønskjer å brenne bål eller drive med bålbrenning om å få det godkjent med lokalt brannvesen.

110-sentralen ønskjer vidare at lokale leiarar/brannsjef formidlar bålbrenning/bråtebrenning vidare til 110-sentralen for loggføring.

Forbod

Fleire kommunar har også lag ned forbod mot å fyre opp bål. Blant dei er kommunane Ulstein og Hareid. På heimesidene til kommunen står det: På bakgrunn av den tørre vegetasjonen og alle gras- og lyngbrannane i dei siste dagane, vedtar brannsjefen i Hareid og Ulstein brannvesen eit generelt bålforbod. Forbodet gjeld både bål og bråtebrenning og gjeld over alt i begge kommunane.

Også i Herøy og Sande er det forbod mot bålbrenning.