Det seier Heidi Vigerust frå Norges Røde Kors og Tormod Eldholm i Volda/Ørsta skredgruppe. Dei er sentrale når Norges Røde Kors, hjelpekorps, arrangerer det nasjonale skredredningskurset på Standaleidet desse dagane.

Kurset starta formelt sist torsdag, og held fram til og med søndag.

Det er med 23 deltakarar frå heile landet, frå Longeyarbyen i nord til Telemark i sør, som er med på kurset, i tillegg til ein deltakar frå Island.

– Kurset har som føremål å utdanne fagleiarar for skredredning. Dette kurset gjev den høgaste utdanninga innan skredredning i Noreg, seier Vigerust.

Storøving laurdag

I løpet av kurset skal deltakarane gjennom fleire praktiske øvingar, og det er teori. Laurdag er det ei storøving saman med redningshelikopter, luftambulansen, Norske Redningshunder og mannskap frå hjelpekorpsa både på Sunnmøre og i Nordfjord. Politiet er også med.

– Noko av det som er mest viktig for oss, er å tenkje tryggleik. Dei fagleiarane vi utdannar skal vite korleis dei skal vurdere når dei skal gå inn i eit skredområde for berging. Molaupen-ulykka i 1971 er stadig eit bakteppe for oss, seier Vigerust.

Det er stadig fleire folk som går i fjellet, samstundes som klimaet endrar seg. Det gjev nye utfordringar.

– Skiløparutløyste skred aukar i omfang, og samstundes opplever vi at det går skred på stader det ikkje gjorde tidlegare. Vi har døme frå Longeyarbyen, og vi opplever at det går mykje skred over vegar. Det er moment vi må ta med, seier Vigerust.

Det kjem stadig til ny kunnskap om redningsaksjonar etter skredulykker.

– Det vert samarbeidd over heile verda, og vi er opptekne av å bruke dei beste erfaringane. Det lærer vi mykje av, og vi overfører dette til desse kursa, seier Vigerust.

Ei av øvingane på Standaleidet var torsdag kveld. Det var ei ikkje-varsla øving.

– Fordi vi veit at mange av aksjonane vi skal ta del i, er om kvelden og natta. Det er om ettermiddagen folk vert meldt sakna etter at dei ikkje har kome heim frå skitur, fortel Vigerust.

Kurshaldarar: Tormod Eldholm frå Volda/Ørsta skredgruppe og Heidi Vigerust frå Norges Røde Kors, hjelpekorps. Foto: Rune Sæbønes