Det var natt til søndag 3. desember i fjor at hendinga skjedde. I eit bukollektiv i Volda sentrum skal mannen, ifølgje tiltalen, ha teke kvelartak på ei kvinne, drege ho ut av senga som ho låg i, sat seg over ho og heldt fram med å ta kvelartak på ho. Kvinna fekk pusteproblem, men klarte å slå/sparke og kome ut frå halsgrepet til mannen. Kvinna sprang mot naborommet mens mannen framleis prøvde å ta ho.

Ifølgje tiltalen vert kroppskrenkinga sett på som grov i denne saka fordi den har blitt gjort mot ein forsvarslaus person, utan nokon spesiell grunn og har karakter av overfall.

Mannen er sett under tiltale for brot på straffelova paragraf 272 og kan straffast med fengsel i inntil seks år. Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett komande veke. Det er sett av to dagar til handsaminga av saka.