Inger Lise Kaldhol har fått tilbod om stillinga som ny kommuneoverlege i Ørsta og Volda.

Kaldhol jobbar i dag som kommuneoverlege i Ulstein.

I eit brev frå Volda kommune skriv dei: Vi viser til søknaden din og har den glede å melde at du er tilsett i stillinga som kommuneoverlege i Volda kommune med for tida arbeidsstad 50 prosent i Volda og 50 prosent i Ørsta. Tiltreding i stillinga medio mai eller primo juni etter nærare avtale med helse- og omsorgssjefen.

Noverande kommuneoverlege, Arne Gotteberg, skal gå av med pensjon.