Det seier Colin Hill som saman med Dan Clark kom til Sæbø torsdag kveld når det var mørkt. Utsikta frå teltet ved sjøkanten fredag morgon tok nesten pusten frå dei to amerikanarane som er busett i Skandinavia. Saman med fleire hundre andre skientusiastar tek amerikanarane del i den tredje utgåva av High Camp Sunnmøre. I fjor klarte ikkje Søre Sunnmøre å hente fram godvêret til deltakarane, men i år ser det ut til å bli full klaff. Det var ikkje vanskeleg for festivalsjef Brynjar Åmot å leite fram smilet medan skiglade folk gjorde seg klar til å kome seg ut på tur.

– Det ser veldig bra ut i år og det er utruleg kjekt. Deltakinga er akkurat som i fjor. På dagtid kan deltakarane vente seg fantastisk opplevingar i fjella rundt oss, og på kveldstid vonar vi å gje dei fantastiske opplevinga i festivalområdet med quiz, konsertar, foredrag og afterski.

High Camp har førebels ingen planar om å slutte å bruke Sæbø som destinasjon for skifestivalen.

– Ja, vi tenkjer å halde fram her. Vi har eit godt samarbeid med alle aktørar, og det verkar som at alle er veldig positive til å ha oss her. Vi tykkjer det er veldig artig å få lov til å kome hit, arrangere skicamp og få vise fram fjella rundt oss. Det er eit ønske frå oss å halde fram med det, seier Åmot.

Målgruppa for High Camp er frå dei som ønskjer å bu i telt og gjere helga billegast mogleg, til dei som tek seg inn på hotell og nyttar guida turar gjennom heile helga. Eit eksklusivt turtilbod til denne festivalen var tur frå Stryn til Sæbø over fjella. Åtte personar starta på denne turen tysdag og etter overnattingar i Hornindal og på Villa Norangdal kom deltakarane fram til festivalstart torsdag ettermiddag.

For Colin og Dan vert skifestivalen det første møtet med Sunnmøre. For to år sidan var dei på Åndalsnes for å stå på ski. Eksotisk utsikt, snø, fjell og fjordar lokkar dei Sæbø denne helga.

– Målet er å få gjort så mykje som mogleg i løpet av desse dagane, og vi startar med tur på Skårasalen i dag.

Festivalsjefen vonar at helga blir god for deltakarane.

– Vi vonar at dette vil bli ei minnerik helg for alle som er her.