– Vi aksjonssjefane for Voldarussen er svært takksame for alle som har bidratt med i aksjonen ”Krafttak mot kreft”, seier aksjonssjef Fride Åmbakk i ei pressemelding.

Aksjonen var frå 2. til 4. mars, og målet var å nå flest mogleg husstandar. Aksjonen har Voldarussen halde kvart år sidan 2011.

– Vi var litt færre bøssebærarar enn kva det har våre tidlegare år, men mange av dei som har gått har gjort ein ekstra god innsats og dekt store område. Vi har blitt møtt med stor givarglede frå folk i Ørsta og Volda! Dette viser igjen når ein ser at vi i år har klart å samle inn 67. 500 kroner meir enn den tidlegare skulerekorden på 218.000 frå i fjor, seier Aambakk.

Om det er nokon som ikkje har fått gitt eit bidrag, men har lyst til å støtte ei god sak er den digitale innsamlinga open ut mars, fortel russen.

Nokre bedrifter frå nærområdet har i løpet av aksjonsperioden allereie vore flinke å støtte gjennom den digitale innsamlinga, noko som vi det stor pris på! Vi har eit lite mål om å klare å nå 300.000 kr før månaden er omme, fortel Åmbakk.