– Vi har hatt ein kaldare vinter enn på mange år, og vi har fått inn rapportar og registrert sjølve at det på mange vegar er teleskadar. Men kor omfattande desse er, er vanskeleg å seie før telen går ut av jorda og vegane. Fyrst då kan vi seie noko om omfanget, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Statens vegvesen.

Han stadfestar at problemet er stort over heile seksjon Midt sitt område. Det vil seie Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Og så har vi registrert at problema med telehiv er andre stader enn dei har vore tidlegare, seier Bye.

Ein av vegane som no er prega av telehiv, er fylkesveg 655 mellom Ørsta og Sæbø. Særleg gjeld det ei strekning over sjølve Bondalseidet. Det er både langsgåande sprekkar i asfalten, og det er dumpar og humpar som gjer at bilførarane må redusere farta for å unngå skadar og for store hopp.

– Dei stadene der det er sprekkar i asfalten vil vi nok prøve å reparere med å fylle inn lappemasse. Det er viktig for ein asfaltert veg at asfalten er tett, slik at regn ikkje kjem ned i sjølve vegen. Då kan skadane berre vert større, seier Bye.

Likevel kan han ikkje love reparasjonar alle stader. Det handlar om at vegvesenet må halde budsjettrammene som er gjevne.

– Vi har ei ramme vi går etter, og kan flytte midlar internt. Likevel har vi til no hatt eit vintervedlikehald som har vore dyrt. Det kan hende det ikkje har vore meir brøyting enn vanleg, men det har vore store utgifter til salting og strøing, seier Bye.

Han trur heller ikkje det vert særlege endringar i asfaltprogrammet for den komande sesongen.

– For det fyrste må vente til telen går ut, for då har telehiva ein tendens til å jamne seg ut. For det andre veit vi at ny asfalt på vegar med omfattande teleskadar ikkje er noko langsiktig tiltak. Problema som medfører teleskadar ligg ned i vegen, ikkje på overflata. Viser det seg at einskilde trekningar har gjentakande problem med teleskadar, må vi vurdere om vi skal gå ned i sjølve vegen for å reparere, seier Bye.

Han fortel at asfaltprogrammet uansett er så stramt, at det berre dekkjer halve behovet for nyasfaltering.

– Og uansett må vi prioritere dei mest trafikkerte vegane med ny asfalt, seier Bye.

ti cm: Fleire stader er sprekkane breie som ti cm. Foto: Rune Sæbønes