Det seier leiar Gunnar Wangen for Plan og miljø i Ørsta kommune. Buldreveggen i Svendsenhagen er for det aller meste kome på plass. Griptaka er kome på veggane og det ligg gummimatter på bakken. Leverandøren har vore på vitjing i Ørsta ein gong og unnagjort det meste av arbeidet, men om ein månads tid kjem dei tilbake for å ferdigstille buldreveggen midt i gågata i Ørsta.

– Det har blitt avtalt ei tilleggslevering på eit litt mindre element på venstresida av buldreveggen. Det kom eit ønske om det frå dei næringsdrivande i gata, og då bestemte vi oss for å gå for det.

Ideen til ein buldrevegg i Vikegata kom opp under arbeidet med utviklingsplanen for Ørsta sentrum.

– Buldreveggen var med i prosjektet om Svendsenhagen som ein opsjon. Det vart sendt ut alternativt tilbod til firma som er ekspertar på dette, og så fekk vi på plass ei eiga finansiering som gjorde at vi kunne setje i gang prosjektet i tillegg til Svendsenhagen.

Kommunen har hatt dialog med Sunnmørsk klatreklubb og andre interesserte for å vere med på bruke området og skape aktivitet.

– Når våren kjem så vonar at klatreklubben vil bruke buldreveggen til å stimulere at den blir brukt av barn og unge, i tillegg til vaksne. Vi vonar at det ikkje berre er den enkelte innbyggjar som ser dette og finn det spennande, men at det også blir brukt aktivt i gata for å trekke folk til Vikegata. Buldreveggen er ein del av strategien med å gjere Vikegata attraktiv, seier Wangen.

Kommunen gir stor honnør til huseigaren som har stilt seg positiv at delar av husveggen vert nytta til buldrevegg. At valet fall akkurat på ein buldrevegg i sentrum av Ørsta var ikkje heilt tilfeldig.

– Kommunen sitt slagord er «Hjartet av Sunnmørsalpane», og her er fleire tankar om korleis vi skulle kople tettstaden og sentrumsutviklinga til dei naturgitte rammene rundt oss. Vi har ein visjon om ein klatreskulptur inspirert av Bladet i Molladalen. I tillegg ønsker vi å gjere fleire tiltak som får til koplingane mellom dei mektige omgivnadane rundt oss og sentrumsutviklinga. Fjella og tindane er også eit aktivum for Ørsta sentrum.

Arbeidet med buldreveggen har gått etter planen så langt.

– Det som er bygt er klart til å bruke, men delar av fallunderlaget er ikkje klart. Dette vert fullført om ein månads tid, men det er ikkje noko i vegen for at ungar kan prøve seg litt i det som eksisterer no, seier prosjektleiar Dag Jarle Aa.