Fylkesprisen Årets Bedrift går til Volda Maskin, melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Bedrifta har 25 års erfaring i alt frå små oppdrag til omfattande samferdselsprosjekt.

- Volda Maskin er kåra til årets bedrift fordi dei tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid, skriv fylkeskommunen.

Prosjektering, graving, muring og sprenging er nokre av tenestene selskapet leverer. Volda Maskin vart i 2017 kåra til årets lærebedrift av Arctic Entrepreneur, i konkurranse med over 2000 andre. No får dei også den høgthengande Fylkesprisen Årets Bedrift. Volda Maskin har 65 tilsette og held til i Volda kommune.

- Dette må jo bety at vi har gjort noko rett, seier ein glad dagleg leiar i Volda Maskin, Jon Grebstad. Grebstad synest det er positivt at det er større merksemd rundt samfunnsansvar og lærebedrifter.

-Tek eit tydeleg samfunnsansvar

Det er regional- og næringsutvalet som kvart år kårar vinnaren av Fylkesprisen Årets Bedrift.

-Volda Maskin er ei solid og allsidig bedrift med høg kompetanse og ein moderne maskinpark. Selskapet tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid. Vi er imponert over kva selskapet har fått til, seier leiar av regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Det kom inn 25 forslag, og utvalet behandla saka tysdag 13. mars. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.