Karantena kjem etter konkursen i Gågata Foto AS i november 2017, og inneber forbod mot å etablere nye selskap og å leie eit selskap. Frå før har Henriksen konkurskarantene etter konkursen i Fotograf Henriksen AS i 2016.

Retten konkluderer med at vilkåra for konkurskarantene er til stades også for Gågata Foto AS. Bustyrar meiner det er fleire straffbare forhold, mellom anna manglar knytt til skatt og store manglar i rekneskapsføringa. I ei rettsavgjerd i Tingretten (kjennelse) står det: «Dette viser at Henriksen ikke har endret sin forretningsførsel etter forrige konkurs.»

Henriksen er kritisk til bustyrar og bad sjølv om rettsmøtet der spørsmålet om konkurskarantene vart handsama. Han har og levert ein skriftleg klage på bustyrar.

– Eg hadde veldig sterke innvendingar på det som har kome fram i ein mellombels rapport frå bustyret. Bustyrar har og ytra ønskje om at eg også må legge ned drifta i enkeltpersonforetaket mitt. Også det hadde eg innvendingar mot, seier Henriksen.

Bustyrar meiner det har vore ei samanblanding av bedrifta sin økonomi og styreleiar Henriksen sin private økonomi.

Bustyrar var ikkje til stades i retten. Eit av spørsmåla er om Henriksen har tappa selskapet for verdiar. I retten la Henriksen fram dokumentasjon på at han har skote private midlar inn i Gågata AS. «Ut ifra opplysninger gitt av Henriksen legger retten til grunn at han ikke har hatt noen vinning av den uforsvarlige forretningsdriften, men at han derimot har skutt inn private midler i selskapet som han ikke fullt ut har fått tilbakebetalt», står det i kjennelsen.

Henriksen er 70 prosent ufør, og meiner sjølv at sjukdomen hans har ført til vanskane med å drive forretninga på ein skikkeleg måte. Retten skriv at «hans helsetilstand ikke kan frita han for det ansvaret han har som styreleder og daglig leder i et selskap. Retten ser likevel ikke bort ifra at hans helsetilstand har ført til de kritikkverdige forholdene i selskapet har utviklet seg i større omfang enn det ville gjort dersom han var i 100 prosent arbeid.» Konklusjonen er likevel klar. «Samlet sett finner retten at forholdene innebærer en grov tilsidesettelse av de krav som stilles til forsvarlig forretningsdrift. Retten finner derfor at Henriksen som følge av denne forretningsførselen må antas å være uskikket til å drive et nytt selskap eller være styremedlem eller administrerende direktør i et selskap med begrenset ansvar.»

Bustyrar Hege R. Stenkløv avviser at ho har bede om at konkurskarantene omfattar enkeltpersonforetaget. Dette er det heller ikkje høve til i følge Konkurslova.

– Elles har eg ingen kommentar til kritikken frå Henriksen, seier bustyrar.

Rammeverkstad: Fotograf Carl-Åge Henriksen har hatt to konkursar på to år. Foto: svein aam