– Eg vil gjerne ha fram at kundar ikkje har tapt pengar på meg, seier Henriksen.

– Men det har leverandørar og kreditorar?

– Ja sjølvsagt, og det er difor eg har gått konkurs.

Den 6. februar omtalte Møre-Nytt konkursane i Henriksen sine selskap Gågata Foto AS i 2017 og Fotograf Henriksen AS i 2016.

Her var det gjengitt ein korrespondanse mellom Henriksen og ein misnøgd kunde, som kjøpte eit kamera av Henriksen rett før jul. Kunden hadde ikkje fått kameraet og følte seg lurt. Møre-Nytt viste og til ein annan kunde som ikkje hadde fått utstyret han hadde bestilt frå Henriksen, etter konkursen.

–Eg har ordna opp med begge desse kundane, seier Henriksen, og viser dokumentasjon på pengeoverføringane.

Den eine av desse kundane har opplyst til Møre-Nytt at han vil trekkje tilbake ein politianmeldelse av Henriksen.

Henriksen seier at han også ønskjer å ordne opp med kreditorar etter konkursen i Gågata Foto AS.

–Det er eit langt arbeid, men eg har byrja å ta tak i det og henvendt meg mellom anna til ein av dei større aktørane for å finne løysingar. Eg har også kontakta nokre av dei lokale kreditorane, som det heldigvis ikkje er så mange av. Eg er ikkje pliktig til det juridisk men vel å gjere det likevel.

– Tingretten meiner du har drive uforsvarleg forretningsdrift over tid, og er uskikka til å stifte nye selskap. Burde du ikkje gi deg?

– Du kan vinkle det på den måten, men eg er i den situasjonen at eg er 70 prosent arbeidsufør og har problem med å tilpasse meg rutinemessig arbeid. NAV er inne i biletet og hjelper meg på veg og har funne ut at det beste for meg er å ha mulegheit til å ha den fridomen som dette yrket gir meg, med fotografering og innramming.

I kjennelsen står det: «Samlet sett finner retten at forholdene innebærer en grov tilsidesettelse av de krav som stilles til forsvarlig forretningsdrift»

– Eg skal ikkje bagatellisere det. Det er sterke ord, som eg har tatt til meg. Det er derfor eg no har avgrensa forretningsdrifta sterkt. Eg har ikkje fast opningstid, og har kutta ned mykje. Eg driv på eit minimum samstundes som eg gjer noko meiningsfylt og nyttig, både for lokalsamfunnet, meg sjølv og familien. Eg har aldri vore ute etter å lure nokon, det er ikkje det eg driv med.