Bente Iren Flåvik Bjørndal har vore ein sentral person i Trimgruppa mange år. Ho har tidlegare varsla at ho vil trappe ned, og no gjer ho alvor av det.

– Vi treng nye og engasjerte folk inn i styret, seier ho.

Saman med Magne Jonny Krumsvik og Henrik Schutz Ville varslar ho at fleire aktivitetar er trua av nedlegging. Det gjeld Melsmila, idrettsmerkeprøva og trimrenna for born om vinteren. Det siste tiltaket har vore ein suksess i år. 200 born har deltake på Bondalseidet.

Kritikk frå foreldre

Det siste rennet skjedde i nesten ti kuldegrader. Attraksjonen var premieutdeling og den skjedde ute. Med så mange born tok det tid. Dessutan hadde det vore feil i leveringa av pokalar slik at nokre fekk mindre pokalar enn dei skulle ha.

– Vi ville ha det der framme for å spare pengar på leige av lokale. Vi hadde skrive på førehand at det var ute, at det kom til å ta litt tid, og at foreldre måtte kle seg. At nokre fekk feil pokalar er sjølvsagt beklageleg, seier Bjørndal.

Fleire foreldre reagerte negativt på Facebook på opplegget, og får svar frå Bjørndal.

– Tida er no inne for at foreldra sjølve tar over dette arrangementet. Så får dei det slik dei vil ha det, seier ho.

Dei negative reaksjonane er ikkje hovudgrunnen til at ho og dei andre i Trimgruppa vil trappe ned. Ho fortel at ho engasjerte seg når sonen var liten.

– Eg byrja då han var tre- no er han tretti.

Så spørst det om dagens foreldre vil ta over barnearrangementa.

– Vi står ved et vegskille over heile landet når de gjeld dugnadsarbeid. No må ofte idrettslag og andre organisasjonar betale for tenester dugnadsfolk har gjort gratis tidlegare. Blir trimgruppa nedlagt blir Ørsta fattigare på mange måtar. Vi har engasjert utruleg mange folk i 35 år, seier Bente Flåvik Bjørndal, Magne Johnny Krumsvik og Henrik Schutz Ville.

Leiar i Ørsta Idrettslag, Erlend Andersen, håper at Trimgruppa kan halde oppe aktivitetsnivået.

– For idrettslaget i Ørsta er det viktig å ha eit variert tilbod. Vi ønskjer å ha ei trimgruppa, men det får vi ikkje utan at foreldra stiller opp, seier han.

Tysdag er det årsmøte for Trimgruppa på Fjordbotn.