Det seier dekan Aud Folkestad etter at det er fleirtal på Stortinget for at det er nok at studentar har ei bachelorgrad i praktisk-estetiske fag for å kunne ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Fleirtalet, samansett av SV, Sp, KrF og Ap, gjekk i mot regjeringa sitt syn om at det generelt skal krevjast masterutdanning for å kunne ta PPU-utdanning, og slik kvalifisere seg for lærarstillingar i grunnskulen og vidaregåande skule. Ei masterutdanning krev fleire studiepoeng, det vil seie fleire års utdanning, enn ei bachelorutdanning.

Satsar på bachelor

Regjeringa ynskjer at det berre unntaksvis kan gjevast dispensasjon frå kravet om masterutdanning.

For Høgskulen i Volda har det vore ei utfordring at krava til kva som kan godtakast for å ta praktisk-pedagogisk utdanning, har vorte skjerpa inn.

Høgskulen i Volda, til liks med fleire andre høgskular i distrikta, har satsa på å byggje opp bachelor-utdanning innan praktiske og estetiske fag, og rekna med at desse kombinert med ei pedagogisk utdanning, vil kunne kvalifisere til lærarstillingar i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Musikk, drama og formgjeving

Døme på slike utdanningar i Volda er musikk, drama og formgjeving.

– Poenget er at dette er ei god lærarutdanning. Studentane får 180 studiepoeng i eitt fag og eitt år med pedagogikk på toppen, insisterer Folkestad.

Ho meiner denne utdanninga av kulturfagarbeidarar er på å sikre at kommunane får tilgang på viktig kulturkompetanse.

– Det er innvendingar mot lærarar med berre eitt fag, men vi ser at når desse kjem ut i kommunane, kombinerer dei med å arbeide både i skulen, i kulturskulane, og tek del i frivillig arbeid. Då er kulturfaga vi utdannar i, med på å sikre kommunane ein kompetanse dei eller ikkje ville ha hatt, seier Folkestad.

Ho er fortalt at Stortinget skal handsame saka i plenum den 20. mars.

Også Ingrid Opedal, leiar i Volda SV, gler seg over at det er fleirtal på Stortinget for denne utdanninga.

– Dette er viktig både med omsyn til høgskulane, men også elevane som får kvalifiserte lærarar, seier Opedal.

Dekan: Aud Folkestad er leiar for avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.