– Dette gjeld auka skatteinngang over heile landet, og fyrst og fremst gjennom meir skatt på utbyte. På grunn av inntektsutjamninga kommunane i mellom, vil låginntektskommunar som Volda og Ørsta tene på dette, forklarar Sjurgard til Møre-Nytt.

Rekneskapen til Volda kommune for 2017 er ikkje ferdig, men det ser altså lyst ut. Mindreforbruket samanlikna med det siste reviderte budsjettet er på 39,9 millionar kroner.

Meirinntektene gjorde at kommunen sparte 21 millionar kroner samanlikna med det som var budsjettert å bruke. I tillegg kjem ei budsjettering på 18,9 millionar kroner, som heller ikkje vart effektuert.

– Då vi laga budsjettet for 2017, «brukte» vi 18,9 millionar kroner frå fonda våre for å få budsjettet i balanse. Det viste seg at det ikkje vart behov for å bruke desse pengane. Og difor vert desse inntektsført no, fortel Sjurgard.

Det vil seie at Volda kommune samla har eit mindreforbruk på 39,9 millionar kroner.

Mindreforbruket vert altså forklart med at kommunen fekk vesentleg høgare skatteinntekter og rammetilskot frå staten, men den største forklaringa ligg i at pensjonskostnaden vart 15,9 millionar lågare enn budsjettert.

– Sektorane har jamt over hatt god oversikt og samanfatta vart det også eit mindreforbruk på drifta, fortel Sjurgard.

Når Volda kommune med eitt kan presentere positive 2017-tal, forklarar Sjurgard dette med at ein kommunerekneskap inneheld mange eksterne faktorar.

– Utfordringa er at skatt og pensjon er ytre forhold som kommunen ikkje påverkar og heller ikkje har full oversikt over endelege tal før ved årsslutt.

– Det er kjekt å rapportere positive tal for 2017. Mindreforbruket styrkar fondskapitalen som gir handlingsrom i åra framover, og gjer det mogleg å få fram dei store investeringsprosjekta som er planlagt, seier Sjurgard.

I gjeldande økonomiplanperiode er det eit ønskje om å få på plass ny ungdomsskule, idrettshall, symjehall, kino/kultursal, nye næringsområde, bustadfelt m.m.

Rekneskapen for 2017 er ikkje ferdig revidert og det må derfor takast atterhald om endringar når revisjon er avlagt.