– Vi håper i alle fall at vi kan kome i gang denne veka. Det er mogleg at telen i grunnen gjer at arbeidet kan verte litt forseinka, seier byggjeleiar Claude Ingar Hildrestrand i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skreiv ved utgangen av januar kontrakt med Aurvoll og Furesund AS i Fosnavåg på 11,2 millionar kroner. Totalt har Statens vegvesen sett av fjorten millionar kroner til prosjektet.

Omfattande

Byggjeleiar Hildrestrand karakteriserer prosjektet som omfattande.

– Vi satsar på å kunne nytte det eksisterande leskuret, men det vert plassert på eit anna område. Vidare skal det merkast opp for fleire parkeringsplassar, det kjem oppstillingsplassar for drosjer, det vert eit eige område for sykkelparkering under tak, og det vert eit parkområde med tilplanting av grøntareal, fortel Hildrestrand.

Det skal byggjast eit nytt fortau ut frå terminalområdet, rundt og forbi lokala til Br. Dale, og til CirckleK-stasjonen.

–I planane ligg det også eit gang- og sykkelvegnett inn til området, slik at dei mjuke trafikantane skal få ein trygg og kortast mogleg veg til terminalområdet, fortel Hildrestrand.

Vegvesenet vil også utføre noko arbeid med vatn- og avlaupsnettet i området for Ørsta kommune. Det kan medføre at dei må grave seg gjennom E39.

– Men det veit vi ikkje enno, for det kan hende vi greier det med å bore hol under vegbana, seier Hildrestrand.

Til prosjektet høyrer det også med heilt ny belysning for området.

Sjølve haldeplassen vil ha tre oppstillingsplassar for bussar, og bussane vil få eit anna køyremønster enn i dag.

Til Amfi via rundkøyringa

Etter at anlegget er ferdig, vil det berre vere bussar som har lov å køyre inn Vikeøyrane-gata forbi Br. Dale og Ørsta taxi. Der går no mykje av trafikken til Ørsta Amfi.

– Denne trafikken vil verte slusa inn via rundkøyringa. Det skal lagast til ein ny og tydeleg veg frå rundkøyringa og ned til Vikeøyrane-gata, fortel Hildrestrand.

Det aller fyrste som skjer, vert at terminalområdet no mellombels vert flytta til Mørebil-tomta, der bussane skal stoppe under anleggsperioden. Heile anleggsområdet vil verte innegjerda.

– Dette gjer vi av tryggleiksomsyn. Vi ber foreldre og skulane fortelje at born held seg mest mogleg unna anleggsområdet i byggjeperioden, seier Hildrestrand.

Under anleggsperioden vil det vert store endringar i køyremønsteret i dette området. For det å ha eit anleggsområde i tilknyting til ein av dei mest trafikkerte vegane i fylket, E39/Ivar Aasen-gata, er krevjande.

– I periodar vil det verte berre eitt køyrefelt forbi anleggsområdet. Då vert det omkøyringa via Holmegata. I periodar vert det også lysregulering. Vi skal prøve å styre arbeidet slik at det ikkje skal vere så mykje aktivitet på dei tidspunkta det er ekstra mykje trafikk på E39, fortel Hildrestrand.

Han oppmodar trafikantane, mjuke som køyrande, å følgje med på skiltinga under anleggsperioden.

Overfor vegvesenet har det vorte stilt spørsmål om kvifor det ikkje vert bygt eit venterom i same slengen.

– Denne terminalen har ikkje kriterium til stades for dette. Det vil seie at det verken er eit høgt nok passasjertal eller er ofte nok bussavgangar til at det er krav om venterom. På den andre sida veit vi at Ørsta kommune arbeider med dette, seier Hildrestrand.

Anleggsstart: Byggeleiar Claude Ingar Hildrestrand i Statens vegvesen var på synfaring på anleggsområdet måndag. Foto: Rune Sæbønes