Advokatane tek opp saka i samband med at regjeringa i 2017 sette ned eit utval som skal greie ut organiseringa av domstolane. Utvalet skal vere ferdig med utgreiinga til august 2020.

– Vi meiner Søre Sunnmøre tingrett har ein svært viktig og sentral funksjon for befolkninga på Søre Sunnmøre, heiter det i fråsegna, som er stila til justisminister Sylvi Listhaug.

Advokatane peikar i fråsegna på at tingretten er viktig for å halde oppe eit godt advokattilbod på Søre Sunnmøre.

– Vi viser til at dei aller fleste advokatkontor i Noreg er etablert i nærleiken av ein tingrett, heiter det i fråsegna.

Dei karakteriserer Søre Sunnmøre som velfungerande, men meiner at han samanlikna med andre er underbemanna.

– Mellom anna er det uheldig at han ikkje har tingrettsdommarstilling som han burde hatt i høve til saksmengd og befolkningsgrunnlaget han skal tene, seier advokatane.

Dei meiner det er naturleg å utvide domstolsgrensene slik at også Hareid og Ulstein kommunar vert omfatta av nedslagsfeltet til Søre Sunnmøre tingrett.

– Domstolen vil då få eit befolkningsgrunnlag på 50.000 innbyggjarar, noko som vil gje brukarane ei meir naturleg tilhøyrigheit med omsyn til reiseavstand, heiter det i fråsegna.

Dei peikar på at samfunnet har investert store midlar i betra infrastruktur på Søre Sunnmøre med bygginga av Eiksundsambandet.

– Dette har ført til at Ulstein og Hareid har fått fastlandssamband til Volda, og kort reiseavstand til Søre Sunnmøre tingrett. Frå Ulstein og Hareid til Ålesund er ein derimot avhengig av ferje, og får langt lengre reisetid, heiter det.

Advokatane meiner dessutan at det er ynskjeleg at samlokaliseringa med Sunnmøre jordskifterett i Ørsta vert gjennomført og teke med i vurderinga til domstolsutvalet.