Jesper Saltvik Pedersen (18) tok bronse i superkombinasjonen, og sørga dermed for den andre norske  medaljen i Paralympics

– Eg er stolt, skriv trenar Beate Cathrin Haugen i ei melding til Møre-Nytt sine lesarar.

Haugen, som kjem frå Bondalen, er trenar for alpinlaget, som berre har ein aktiv utøvar.

Målet for Parlympics har vore å ta ein medalje. I utfor og SuperG vart det sjette og fjerdeplass for det norske håpet, men i dag gjekk det betre. Jesper Saltvik Pedersen leia etter SuperG-delen av kombinasjonen, men vart passert av to andre etter slalåm.

Det er fleire sjansar for 18-åringen, ikkje minst i storslalåm, som er ei av favorittøvingane.

–Storslalåm er flytta frå laurdag til onsdag, fordi det er venta mykje nedbør torsdag og fredag, seier Beate Haugen, som har det fint i Sør-Korea.

– Det er nesten sunnmørske sommartemperaturar her, seier ho.