Åmskarets Venner vil ha sommarturløype frå Bondalseidet til Åmskaret, og vil også etablere gapahuk på Åmskaret.

Det skriv dei i eit innspel til rullering av handlingsplanen for idrett og fysisk aktivitet.

– Vi har fremja forslag om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av turløype til Åmskaret, og har søkt om spelemidlar i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd. Denne søknaden vart ikkje vidaresendt frå kulturseksjonen i Ørsta kommune, og vi fekk beskjed om dette per brev ein månad etterpå, utan muntleg orientering om dette. Sjølv om vi var for seine med å søke innan kommunal frist, har vi forsøkt å få dialog med kulturseksjonen utan å lykkast. Vi meiner Åmskarløypa er eit godt prosjekt som svært mange vil ha nytte av, og føler derfor at kommunen må bli flinkare å støtte og aktivt følge opp slike gode fellesprosjekt, skriv dei.

Dei fremjar også forslag om å få inn tur-/skiløype Åmskaret-Eitrefjell inn i planen.

– Alle desse tiltaka vil samla vere med å styrke Bondalseidet som eit heilårs all-aktivitetssenter, skriv styret ved Svein Silseth, Per Ivar Lied, Stein Aam og Guttorm Øye.