I nokre område er det viktig å kome i gang før fuglane tek til å byggje reir. Leiaren ved Frivilligsentralen i Volda, Astrid Gjersdal, har allereie vorte kontakta av eldsjeler som ynskjer å rydde på Yksnøya. Dette opplyser VØR i ei pressemelding.

Opplegget vert det same som tidlegare år. VØR stiller med sekkar og hanskar til dei som vil rydde. Dette utstyret vert delt ut ved frivilligsentralane i Volda og Ørsta.

Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) tek imot det avfallet som er samla inn vederlagsfritt, og vil også hente innsamla avfall så langt det er råd.

Dei siste par åra har strandryddinga starta i god tid før påske, og strekt seg til langt utpå hausten.

Hold Norge Rent vil også i år køyre i gang strandryddeveke frå måndag 30. april til søndag 6. mai. Laurdag 5. mai er sjølve strandryddedagen – ikkje berre her i Norge, men i heile Norden.

I midten av mars vil frivilligsentralane i dei to kommunane ta kontakt med skular, barnehagar og grendalag og oppmode dei om å delta i ryddinga.

Både organiserte og uorganiserte grupper kan delta i denne ryddedugnaden. Og i tillegg einskildpersonar.

Dei siste par åra har det vore mykje fokus i media på marin forsøpling. Dei som ynskjer å lære meir om dette, vil finne nyttig informasjon på heimesidene til Naturvernforbundet, Hold Norge Rent og Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR).

I fjor var det først og fremst gåsenebbkvalen med magen full av plast som fekk fart på rydding langs strender og vassdrag. Det store fokuset førte til at det vart sett ny rekord i innsamla mengder.

I år slår NRK på stortromma med dokumentarserien Planet Plast i  april. Det er snakk om fire program, i tillegg til innslag frå NRK sitt lokalkontornett. Både NRK og Hold Norge Rent håper at programserien skal føre til nok ein rekord.