– Ørsta-politikarane har vore trufaste for at handelsutviklinga skal kome i sentrum under føreseielege vilkår. Dermed la kommunen til rette for Amfi-senteret med ein plan og med kapital, noko som har vore vellykka. I Volda derimot skulle det satsast både i Furene og i Volda sentrum der Furene også vart definert som sentrumsområde. No snakkar nokre politikarar også om etablering av ein handelspark ved Volda stadion. Ei slik deling av handelen er ikkje rette vegen å gå, meiner Halkjelsvik.

Han vil ikkje refse politikarane i sin eigen kommune for at Volda, etter Halkjelsvik sitt syn, har kome på defensiven innan handelen. Han synest likevel at politikarane må endre kurs for at Volda skal kome på offensiven som handelsstad. Halkjelsvik viser til at både Ulsteinvik, Fosnavåg og Ørsta har gjennomført sentrumsplanar med støtte frå fylkeskommunen, medan det i Volda ikkje har skjedd noko som syner resultat.

– I Volda er det for mange prosessar og planar, og for lite konkret handling, opplever Halkjelsvik.

Han meiner ein handelsvekst si hovudutfordring handlar om føreseielege rammevilkår for dei som vil drive butikk og satse mykje pengar og risiko på dette.

Trufaste

– Volda-politikarane må vere trufaste som premissleverandør. Skal vi selje Volda som handelsdestinasjon, og som ein attraktiv plass å etablere seg med butikk, sel vi Volda si føreseielegheit. Politikarane må vere trufaste mot den strategien dei valde for ni år sidan og seie at detaljhandelen skal ligge i Volda sentrum, seier Halkjelsvik og viser døme på det han meiner er feil strategi:

– I Volda er utviklinga motsett enn i andre kommunar: handelen flyttar ut av sentrum, og industrien kjem til sentrum og i Propellhallen der det kunne ha vore både møbel og elektroverksemd.

Halkjelsvik viser også til at under rulleringa av kommunedelplanen sin arealdel, som no er i gang, har nokre politikarar i formannskapet lagt inn føringar om ein handelspark for 6000 kvm detaljhandel ved Volda stadion.

– Dette betyr at halvparten av handelen i Volda kan flytte dit. Ein øydelegg sentrum ved å dele handelsfunksjonane i to område. Då vert det ikkje leveleg for dagens butikkar, spår Halkjelsvik.

Nisje

Han oppmodar altså om å samle handelen i sentrum, og meiner det bør leggast til rette for faghandel og nisjehandel, i tillegg til bustader, kulturfunksjonar og ein urban profil som også som den viktige studentgruppa vil finne tiltalande. På den måten vil Volda skilje seg ut frå andre nærliggande kommunar.

Eiliv Halkjelsvik vil ikkje berre gi skulda til politikarane for det han meiner er ei utvikling på feil spor.

– I Volda har det over lang tid utvikla seg ein kultur der ein set i gang prosessar utan at dette vert omsett i handling. Næringslivet verte flinkare til å vise til konkrete prosjekt som kan gjennomførast, og ein må vere opnare om utfordringane. Ein kan ikkje pakke inn alt i årelange prosessar. Volda Campus Arena er eit veldig godt døme på korleis ting kan gjerast, seier Halkjelsvik.

Han er medeigar i kjøpesenteret Spinneriet som no har ein del ledige butikklokale. Halkjelsvik seier han er overtydd om at dei skal klare å fylle opp senteret med nye butikkar etter at Jon Heltne no har vorte senterleiar.

– Eg angrar ikkje på etableringa av Spinneriet, men eg hadde ikkje etablert dette ein gong til. At det no er tomme lokale på Spinneriet heng saman med handelen generelt i Volda. Eg spår at ein eller to butikkar til i Volda kjem til å legge inn årane snart fordi utfordringane er for store. No krevst det at ein får opp auga for situasjonen og at Volda kjem på offensiven innan handelen.