Saka er sendt til Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA).

– Det har vore ein uryddig prosess, seier advokat Odd Arne Nilsen som representerer Volda-entreprenøren A. Våge.

A. Våge AS var ein av fem som leverte tilbod på bygginga av tømmerkaia i Ørsta.

Det var tre alternative tilbod frå A. Våge, på mellom 19,5 millionar og 16,5 millionar, utan moms. Entreprenøren PEAB/K.Nordang leverte eit tilbod med to alternativ, der det eine låg eit par hundre tusen over og det andre eit par hundre tusen under det lågaste alternativet til Våge. PEAB vann kontrakten, og det vart inngått kontrakt med Ørsta kommune på 16,3 millionar pluss moms.

Men A. Våge AS meiner at kommunen hadde fått meir for pengane om dei hadde valt deira tilbod.

– Konkurransegrunnlaget var uklart og tilboda var umogleg å samanlikne. Kommunen hadde ikkje faktisk grunnlag for å vurdere kva som gav best «value for money» slik dei etterspurde, skriv advokat Odd Arne Nilsen i klagebrevet til KOFA.

Trua med erstatningssak

Klagebrevet er sendt i januar, men saka har rulla sidan tilbodsfristen gjekk ut i mai i fjor. Dokument som tidlegare har vore unnateke offentlegheit viser at A. Våge AS reagerte sterkt då PEAB fekk kontrakten.

– Dersom kommunen inngår kontrakt med PEAB vil vi ta rettslege skritt med krav om erstatning dersom KOFA finn brot på regelverket. Då blir dette ei dyr sak, skreiv advokat Odd Arne Nilsen i ein e-post til kommunen i juni i fjor.

Etter klaga frå Våge oppheva kommunen kontrakten med PEAB og bad om ein ny gjennomgang. Men konklusjonen vart at kommunen stod fast på at PEAB skulle få kontrakten.

Snart ferdig

Bygginga av kaia er no i gang, sterkt forseinka av ulike grunnar. Men kontraktstildelinga er ikkje ute av verda. Advokat Odd Arne Nilsen seier dei er spente på avgjerda i KOFA.

–Held A. Våge AS fast på at det kan bli erstatningssak?

– Vi ventar og ser KOFA si behandling av saka, før vi tar avgjerd om neste steg, seier Nilsen.

I klaga er det lista opp fleire moment som A. Våge AS meiner er i strid med konkurransereglane. Mellom anna er det vist til at PEAB tok atterhald i kontrakten, og skreiv: «Skade på tilliggande bygningar eller konstruksjonar som er forårsaka av våre arbeid, og som ikkje skuldast grov aktløyse kan ikkje lastast entreprenøren»

–PEAB har altså sleppe å prise inn eit eventuelt erstatningsansvar, ved å overlate alt ansvar for tredjemannskade til byggherre, skreiv A. Våge i klagebrevet.

Dette har kommunen og PEAB endra på, men Våge meiner formuleringa gjer at tilbodet var ugyldig i utgangspunktet, og at det burde vore avvist.

Kommunen avviser

Kommunen og det innleigde konsulentselskapet Norconsult har avvist at spelereglane er brote. I eit tilsvar til A. Våge skriv Norconsult at oppdraget var utlyst som ei totalentreprise der tilbydarane har moglegheit til å velje ulike komponentar og løysingar.

– Kvar einskild tilbydar må gjere vurderingar og tilby løysingar på ein slik måte at ein oppnår ein konkurransemessig fordel, skriv Nordconsult.

A. Våge på si side meiner kommunen berre har sett på pris, og ikkje tatt omsyn til at tilboda skulle vektast 85 prosent med pris og 15 prosent med kvalitet. Dette vert avvist av kommunen.

– Alle tilbod har vore evaluerte i samsvar med tildelingskriteria, skriv kommunen sin advokat, Hallgrim Fagervold i eit tilsvar til KOFA.