– Likevel ser vi at rundballeplast kjem på avvege og vert ei kjelde til ureining. Ikkje alle bidreg til dugnaden med å få plasten til Hovdebygda, står det i eit informasjonsskriv sendt ut av landbrukskontoret i Ørsta og Volda.

Jordbruksnæringa er ein storforbrukar av plast, og landbrukskontoret skriv at det er viktig å ha gode rutinar for oppsamling, sortering og levering av landbruksplast.

Felles ansvar

– Vi har alle eit ansvar for å handtere vårt eige avfall, og då m.a. å handtere plasten frå rundballar på ein god måte. Forskriftsmessig handtering utelet brenning, deponering eller nedgraving som alternativ. For kvar kilo plastemballasje som vert seld betalar forhandlarane og produsentane av plastemballasje eit vederlag til Grønt Punkt Noreg. Dette vederlaget er lagt inn i prisen som

du betaler for plasten, og desse pengane sikrar at sortert plast kan leverast gratis til innsamlar. Det er dårleg reklame for næringa når plast flyg ikring, heng seg i tre og kratt, på gjerde, mv, skriv landbrukskontoret, og oppmodar om kjeldesortering.