Den nye kunstgrasbana skal vere klar til hausten, og då håper leiar i Vartdal Turn og Idrettslag, Jon Helge Bjørndal, at Kong Harald skal stige ut av ein svart bil i Vartdal-bygda, og klippe snora for det nye idrettsanlegget.

– Ja, eg har seriøse tankar om å invitere Kongen, like mykje som at eg meiner det nye anlegget skal heite VD Stadion, fortel ein oppglødd Bjørndal.

Spade

Han fekk æra av å setje spaden i den frosne marka der det no skal byggast kunstgrasbane. Det første spadetaket tok Bjørndal med ein spade idrettslaget fekk i 60-årsgåve frå Håvoll IL, med klar beskjed om at spaden skulle brukast for nytt idrettsanlegg på Kumyra. Kommunestyret vedtok nytt idrettsanlegg der allereie i 1985. Men dette vart oppheva, og no har startskotet gått for eit idrettsanlegg ved skulen.

– Vi startar no for fullt med grunnarbeid. Det er meininga at bana skal vere ferdig på seinsommaren eller tidleg haust, fortel Joakim Relling i entreprenøren Opshaug Sandtak AS.

Med moms handlar utbygginga om kring 14,5 millionar kroner. Dette er kostnadene for kunstgrasbane, lysanlegg og opparbeiding av parkering. Klubbhus ligg ikkje inne.

– Næringslivet si rolle i høve finansieringa har vore avgjerande for prosjektet, seier Jon Helge Bjørndal og nemner spesielt Håvard Vartdal. Også han var til stades under markeringa, og var glad for at grunnarbeidet er i gang.

Vartdal er overtydd:

– Viss ein ikkje hadde fått til dette no, hadde bygda gått tilbake.

Også andre innan næringslivet i området har bidrege, m.a. også Vartdal Fiskeriselskap som held til i Ålesund. I alt har næringslivet gått inn med seks millionar kroner.

Graving: Etter sommaren skal den nye kunstgrasbana vere klar til bruk.

Bjørndal rosa også kommunen for sine bidrag. Økonomisk bidreg Ørsta kommune med 4,1 millionar i form av grunnkostnader.

– Dei har gjort ein kjempejobb og gitt fantastisk støtte.

Bjørndal gi honnør også til dei som har kjøpt andelsbrev. Målet var å få inn ein halv million gjennom dette.

– Vi har no nådd halvparten, og vi oppmodar om vidare kjøp av slike brev, seier Bjørndal.

Han meiner det også er grunn til å rose dei tre grunneigarane som har avstått grunn til anlegget, og som har vist velvilje.

Begeistre

Ordførar Stein Aam let seg også begeistre over at den særs langdryge saka om idrettsanlegg for folket langs Vartdalsstranda no endeleg vert realisert.

– Siste åra har Vartdal vore under sterk utvikling, og der er investert femti millionar i skule og idrettshall. No brenn eg for det som skal skje her der det skal kome kunstgrasbane. Det er synd eg ikkje er yngre slik at eg kunne fått bryne meg på nybana blant vartdalingar, sa Aam med glimt i auga.

Fotballentusiasten og den tidlegare storspelaren såg med glede at det i Ørsta vert fem kunstgrasbaner når anlegget på Vartdal er ferdig. Aam såg også med glede på at det no er i gang graving for fire hustomter på eit attraktivt område med utsikt over Vartdal-bygda. Dette meiner ordføraren også er viktig i ein situasjon med satsing på nye tilbod.

Jon Helge Bjørndal meiner Vartdal no vil få tilbod som tilfredsstiller dei fleste.

– Det vi no manglar er fleire folk, konstaterer Bjørndal utan at han torer å oppmode om auka produksjon blant bygdefolk.

Bjørndal ventar no ein ny giv både for fotballen og andre idrettsaktivitetar på Vartdalsstranda.

– Dette anlegget kjem i grevens tid. Siste åra har born og unge reist land og strand for andre anlegg fordi vi ikkje har hatt noko skikkeleg å tilby dei, seier idrettsentusiasten som er overtydd om ei stor oppblomstring når bana er ferdig.