På biletet i Sunnmørsposten ser Listhaug sin bil totalvraka ut, men sjølv kom han frå det med berre «nokre sår på ein finger, ein mørbanka kropp og akutt høgt blodtrykk», som han formulerte det sjølv. Dottera var raskt ute på twitter: – Englevakt!

KrF-nestoren og psykiateren Hans Olav Tungesvik (1936-2017) heiv seg på ein kjepphest. Det var hans siste kamp før han gjekk bort. «Uttrykket er meget uheldig, for hva med de som ikke kommer uskadet fra ulykker og i verste fall dør? Hvor er englevakten da,» spurde Tungesvik i Vårt Land.

Ja, sei det. Det Tungesvik uansett ikkje adresserte, er kor risikofylt det er med englevakt. Og kor ille det går med dei som vert vakta. Dette botnar i at englane, ulikt andre hjelpeorganisasjonar, synest å ha ein hang til å late farlege situasjonar eskalere. Og agere først når katastrofen har fått utvikle seg.

Heldigvis tek aviser og andre medium ansvar for å formidle denne sida av hopehavet med engleskaren.

Brann-trenaren

Ta til dømes Brann-trenar Lars Arne Nilsen. På vinteren for to år sidan var Brann på treningsleir i Florida. Nilsen la seg til å sove middag i sola - og vart overkøyrd av ein ryggande bil. Eitt av hjula skal ha køyrt over mageregionen til Brann-trenaren, fortalde vg.no.

Dagen etter, onsdag 3. februar, refererer nettavisa: «Kona til påkjørt Brann-trener: – Englevakt!» Nilsen låg då framleis til observasjon på sjukehuset.

Her høyrer det med at Sunnmørsposten på nett same dag kan fortelje at Helge Nilsen, bror til Brann-trenaren, «takker Gud etter hendelsen». «Jeg som tror på Gud er glad for at Lars Arne ble beskyttet», seier den truande broren.

Gud velsigne Vårherre, som piggsvinet Ludvig så treffande sa det. Men dei fleste vil vel vere skeptiske til både englevakt og beskyttelse på desse vilkåra … og elles konstatere at the Lord works in mysterious ways.

Tekne av ras

Det siste forstår vi også når vg.no søndag 7. februar 2016 kan fortelje at tre smågutar vart tekne av ras i Hammerfest medan dei leika i snøen. Lettare skadde vart gutane, ifylgje vg.no, bringa til sjukehus. Og politiet? Ja, på Twitter kunne dei fortelje at gutane hadde englevakt.

VG er som vi ser ikkje åleine om å registrere at englane helst grip inn etter at katastrofen har fått utvikle seg.

Måndag 7. mars 2016 fortel Sunnmørsposten i ei overskrift over halvtanna side at «Trygve hadde englevakt på treningssenter». Nærlesinga avslører at Trygve Aarøy fekk hjartestans på senteret til Stamina på Moa. Og at det var tre pensjonerte anestesisjukepleiarar som fekk hjartet hans i gang att.

Her kan det ha skjedd ei samanblanding.

Schutzengel

Frå Sunnmøre er også denne historia som skjedde 10. mars 2016: Kjærasteparet Katarina (16) og Didrik (18) stoppar stasjonsvogna på europavegen på Reiakvam i Ålesund og ventar på at trafikken imot skal ta ein pause slik at dei kan svinge til venstre. Så vert dei påkøyrde bakfrå – av ein bergingsbil! Stasjonsvogna vert slengd over i motsett køyrebane. Og vert påkøyrd på nytt av ein møtande bil.

– Vi har hatt englevakt rett og slett, konstaterer Katarina i eit intervju med TV2.

Englevakt er elles ikkje ei særnorsk ordning. Torsdag 16. juni 2016 fortel dagbladet.no i ei overskrift at «OL-vinner gikk i søvne – falt ned fra balkong». Det handlar om den austerrikske kanopadlaren Viktoria Schwartz, og nettavisa fortel at «Schwartz pådro seg flere brudd (skulder, nese og hæl) i fallet som skal ha vært på hele sju meter».

«Jeg hadde 100 reddende engler med meg», sier Schwartz til nettstedet sportnet.at». Der er elles overskrifta «Schock für Kanu-Beauty», og den vakre er sitert m.a. på at «Ich hatte hundert Schutzengel».

«Utrolig heldig»

Men ikkje alle har englevakt. Somme har berre heilt vanleg griseflaks.

Natt til 25. mars 2015 vart 80 år gamle Anders Flaa overfallen og banka til blods av ein innbrotstjuv i sin eigen heim i Bratsberg. Flaa vart lamma i armane av ein elektrosjokkpistol, stripsa på hendene og lagd i bakken. Der fortsette den 46 år gamle illgjerningsmannen å banke Flaa i hovudet med skaftet på pistolen.

Det er VG på nett som bringar historia frå Bratsberg, og politibetjent Robert Løkken seier til avisa at Flaa var «utrolig heldig».

Skiflyging

Fredag 19. februar 2016 har smp.no (Sunnmørsposten) overskrifta: «Bil hamna i grøfta i Haram» med følgjande undertittel: «Dette var berre flaks, seier skrekkslagen bilist om opplevinga i morgontrafikken».

I byrjinga av april 2016 var komikar Kevin Vågenes «På tur med Dag Otto». Innspelinga for TV2 føregjekk i ein alpinbakke i Tromsø. Vågenes køyrde inn i ei tre og braut ryggen. «Jeg har vært veldig heldig», fortel Vågenes i ein video han la ut på Instagram. Og det er ikkje sagt i ørska. For dagen etter sender Vågenes ein sms til VG: «Jeg er ved godt mot og har vært veldig heldig».

Griseflaks

Tysdag 5. april 2016 melder vg.no i ei overskrift: «Rune Bratseth fikk hjerneslag: – Jeg har vært ekstremt heldig».

Laurdag 23. juli 2016 kan nrk.no i eit illustrert oppslag fortelje at «Fritidsbåt delte kajakken i to». Og deretter: «De to padlerne havnet i Oslofjorden, mens båten kjørte videre uten å stoppe. – De har hatt griseflaks, sier redningsskipper».

Ja, du store verda.

Og det er berre å vedgå at klisjeen «englevakt» er brukt i Møre-Nytt også. Og at avisa sikkert meir enn ein gong har fortalt om uheldige folk at dei tvert imot hadde griseflaks. For slik er vi laga: Vi vil ha åndsmaktene på vår side …