No vert det frå kommunen førebudd ei sak om situasjonen for Klubben. Denne skal politisk handsamast. Eit av alternativa som kommunen kan gjere, er å gi Aurstad dispensasjon for vidare drift på Klubben under føresetnad om krav til tilbakeføring av den mengda masse dei etter regeuleringsføresegnene ikkje har høve til å ta ut. Ei reguleringsføresegn er ikkje det same som ei lov, såleis har kommunen høve til å dispensere frå denne.Tilbakeviser

Folk som bur i området Digernes og i Selbervika tilbakeviser fleire påstandar som styreleiaren i K.A. Aurstad kom med i Møre-Nytt laurdag kring massetaket på Klubben.

– Vi synest det er viktig å ikkje fare med synsing og usanningar når vi uttalar oss, men opplever dessverre at Aurstad ikkje er like oppteken av dette. Verksemda sprenger 13–14 meter djupare enn tillate på Klubben. Aurstad seier at dette er i orden fordi dei vil fylle opp att med masse til det nivået som er fastsett i reguleringsføresegnene så snart det er praktisk mogleg. Dette har verksemda også uttalt i brev til kommunen i samband med tilsynssaka kommunen har oppretta mot dei. Kommunen deler ikkje denne tolkinga av reguleringsføresegnene, registrerer Sindre Digernes, leiar i grendelaget på Digernes.

Han seier at alle naboane står bak grendelaget sitt syn i denne saka.

Naboane viser også til at Aurstad har sagt i brev til kommunen at dei ikkje skal ta ut meir masse utover maksgrensene.

– Dessverre er det berre tomme ord. Bedrifta held fram med å sprenge og ta ut masse langt utover tillatne grenser. Drifta på Klubben i dag er kort og godt ulovleg. At verksemda ifølgje Aurstad har ein driftsdispensasjon frå Bergvesenet endrar ikkje på det. Alle massetak i landet har driftsdispensasjon frå Bergvesenet fram til søknadane deira om konsesjon er ferdigbehandla av direktoratet – men ein kvar driftskonsesjon eller dispensasjon frå denne etaten føreset at drifta er i samsvar med gjeldande reguleringsplan og lovverket elles. Drifta i Klubben er ikkje det.

– Vi som bur på Digernes har respektert gjeldande reguleringsplan og har sett fram til 2017 då masseuttaket i Klubben skulle ta slutt. Det er svært provoserande å oppleve at andre i denne saka ikkje respekterer plan og lovverk, seier naboane.

Dei viser til at sjølv om Aurstad hevdar at det er vanleg å undersprenge og deretter fylle opp med masse til det fastsette nivå, har kommunen som tilsynsmynde slått fast at omfanget av Aurstad si undersprenging er langt utover normal praksis.

– Skal ein undersprenge i samband med vegbygging eller liknande, er det normalt med 1–2 meter. Ikkje 13–14 meter. Dette veit sjølvsagt Aurstad som er ein stor aktør i bransjen. Reguleringsplanen er klokkeklar, og Ørsta kommune deler Digernes grendelag si tolking av denne. Trass i at alle partar er einige, inklusiv K.A. Aurstad A.S, som seier at dei har teke kommunen sitt syn til vitande, held uttaket av masse fram som før, konstaterer naboane.

Dei synest det er merkeleg at Ørsta kommune ikkje grip inn og stoppar uttaket.

Naboane viser også til Aurstad sin uttale om at anleggsbilane deira ikkje lenger køyrer via Digernes

Selbervika

– Dette stemmer i hovudsak for dei siste månadene. Storparten av transporten går likevel framleis gjennom Digernes, også med ein og annan lastebil frå Aurstad. Aurstad har no flytta ein del av trafikkproblemet til dei som bur i Selbervika. Der har dei opplevd ein dramatisk auke i tungtrafikken rett utanfor stoveglaset. Alle dei andre lastebilane/traktorane som skal til og frå Klubben dundrar framleis gjennom Digernes. Trafikkbelastninga på vegen vår er enorm – og har vore det i lang tid. Det er ikkje store klaringa for fotgjengarar på vegen gjennom Digernes når ein 10 tonns lastebil kjem dundrande forbi barn og vaksne som prøver å gå langs vegen, seier naboane.

Dei fortel også at det i løpet av dei siste ti åra har vore meir enn eitt tilfelle der naboar har fått telefon om å forlate huset i samband med sprenging på Klubben.

– Det er mogeleg at Aurstad ikkje har like god hukommelse som oss. Dersom folk blir bedne om å forlate huset sitt éin gong, er det i alle høve ein gong for mykje. Har ein entreprenør løyve til å be folk om å evakuere heimane sine? Ser ikkje Aurstad den utryggheita dette skaper? Dessutan blir vi elles ikkje lenger varsla på SMS før sprenging, slik Aurstad seier, hevdar naboane.

Dei peikar på at Aurstad ser føre seg drift på Klubben i fem-seks år framover.

– Vi ser føre oss at drifta vert avslutta no, i samsvar med reguleringsplanen som er vedteken av Ørsta kommune. Aurstad seier at aktiviteten deira kan vere merkbar for dei som bur nær Klubben. Kva meiner folk som bur i Hovdebygda om dette. Merkar dei noko til lastebilane som dundrar gjennom bygda, spør naboane.

Konsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning har teke imot søknad om driftskonsesjon om uttak på Klubben frå K.A. Aurstad AS. Saka ligg no ute til høyring. Høyringsfristen var 3. november 2017.

Samtidig er det halde oppstartsmøte for ein ny reguleringsplan for Aurstad, for det som vert kalla Klubben II. Såleis snakkar ein no om to saker for Klubben: Ein ny plan for masseuttak, og gjeldande plan for avslutning.

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot viser til at det den 9. februar på rådhuset vart halde eit informasjonsmøte mellom grunneigarar, leiaren for grendelaget på Digernes, entreprenør Aurstad, ordføraren og representantar frå tekniske tenester i Ørsta kommune. Der vart situasjonen for Klubben teke opp.

Teknisk sjef viser også til at kommunen har opna tilsyn for drifta på Klubben, og at kommunen har bede om nødvendig dokumentasjon frå Aurstad i høve saka, og at denne saka ikkje er avslutta.

– Kan ikkje kommentere

– Vi har no under arbeid ei saksutgreiing som skal leggast fram for politisk handsaming snarast råd. Eg ber om forståing om at vi ikkje har ferdig saksutgreiinga no, og såleis ikkje kan kommentere eller klargjere nærare spørsmålet om vilkår og oppfølging av reguleringsføresegnene i gjeldande reguleringsplan for Klubben. For å gi dispensasjon for Klubben, for å ta ut restmassar, drenere og tilbakefylle, må saka til politisk handsaming i kommunen, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot til Møre-Nytt.