Utstillinga vart fyrst presentert tert under sommarsesongen på Bakketunet på Åkre i fjor sommar. No kan folk få sjå utstillinga i samband med markeringa av kvinnedagen i Ørsta.

Torsdag er det offisiell opning av utstillinga med om lag tjue bilete på Kunsthuset. Dette er også opninga av 8. mars-arrangementet i Ørsta. Utstillinga held ope til og med søndag.

Friår

– Det er meir som ei pop-up-utstilling, og eg håper folk vil ta turen, seier Åkre.

Det er faktisk ti år sidan Åkre hadde si førre utstilling, og det var også på Kunsthuset i Ørsta. For dei siste ti åra har kre vore oppteken med heilt andre ting enn å måle og vere kunstnar.

– Det å drive Bakketunet har kravd mykje. Og eg kom også då til eit punkt der eg måtte tenkje meg om. Eg valde å ta eit år fri. Det året skulle eg nytte til å finne ut kva driftsform som var mest tenleg for Bakketunet. Samstundes som eg igjen fekk tid til å måle, fortel Åkre.

Kvinnene før henne

Ho leita etter inspirasjon til motiva, og dei fann ho blant sine eigne. Blant kvinnene på garden på Åkre inst i Hjørundfjord, der dei gjennom generasjonar hadde teke vare på hus og heim.

– Då eg skulle byrje å måle igjen, dukka desse kvinnene opp for meg. Det handla om kva dei følte då dei skulle i fjøsen for å mjølke, då dei skulle på stabburet for å hente mat, og såg at det var lite igjen. Eg tenkte på kva som gjorde dei lykkelege. Kva det var som gav dei frykt. Kva det var som gav dei skamkjensle, og ikkje minst korleis det var med kjærleiken, fortel Åkre.

Ho løyner ikkje at det har vore emosjonelt, og eit arbeid fylt med kjensler.

Sosiologi og refleksjon

– Eg har på ein måte reist tilbake i tid, men det handlar likevel om vår tid. Eg har prøvd å få fram at kvinnekraft er universell, og tidlaus, seier Åkre.

Ho seier det er mykje sosiologi og refleksjon i bileta.

Ho sette i gong med målinga, og bileta presenterte ho altså fyrst i Bakketunet i fjor sommar.

– Eg var spent på korleis dei ville gjere seg her på Kunsthuset, i nøytrale omgjevnader. I Bakketunet er bileta presenterte i eit spesielt miljø. Då må ein anten tilpasse dei dette miljøet, eller satse på kontrastane. Her på Kunsthuset synest eg at bileta står seg godt, seier Åkre.

Kvinner opp og fram

Utstillinga på Kunsthuset er altså i regi av markeringa av kvinnedagen som kvinnenettverket «Kvinner opp og fram» står bak. Etter opninga av utstillinga vert det tog frå Kunsthuset til Ørsta kulturhus, der kvinnedagen skal markerast utover kvelden.

Sjølve utstillinga har ope til og med søndag.

Åkre minner om at det i samband med utstillinga vert halde eit målekurs for born laurdag.

– Der har eg engasjert døtrene mine til å vere med. Det vert arbeid med palettkniv og akrylmåling, fortel Åkre.

Til sommaren er ho i gang med ein ny sesong i Bakketunet. Etter tenkjepausen meiner ho at ho no har funne driftsforma for mellomaldertunet, der nokre av Noreg sine eldste bygningar står.

– Eg kjem til å ha ope søndagane, og dessutan laurdagane i juli. Elles vert det ope for grupper etter avtale, fortel Marita Bett Åkre.