–Eg vil ha slutt på skjønnheitstyranniet, og eg vil ha slutt på det no, seier Emma Krohn-Dale

Ho heldt ein tydeleg appell og ei sterk tale på 8.mars arrangementet i Ørsta- Volda. 16-åringen frå Ålesund gjer inntrykk med si personlege historie.

– Eg skal snakke om kroppspress og sjølvfølelse, noko som er ironisk i den forstand at eg ikkje er flink med det. Eg har brukt ein stor del av livet mitt på å hate meg sjølv. Eg hata når eg snudde meg og såg at eg hadde grevinnevenger, altså å ha litt ekstra hengande rundt armane. Eg hata at eg hadde mage, og eg hata kroppen min. Eg trudde lenge at eg ikkje var bra nok eller fin nok.

Sparte til plastisk kirurgi

Ho fortalde at kroppspresset for alvor byrja då ho var 13 og ho fekk eit hold-in-plagg frå hushjelpa til bestemora, med beskjed om at det var til hennar «problematiske stadar".

–Då eg var 14 byrja eg å spare til plastisk kirurgi.  Då eg var 15 byrja eg å telje kaloriar. Det varte om lag to veker før eg forstod kva eg faktisk dreiv med, og eg innsåg at det ikkje var eg som er feil, men at skjønnheitstyranniet tar opp tida og livet mitt altfor mykje. Eg var letta då eg forstod at det er greitt å elske seg sjølv slik ein er.

Ho fekk mange lesarar då ho nyleg skreiv ein kronikk som peika på korleis kroppspress vert skapt av moteindustrien. Eit av døma er at storleikane i butikkane er for små.

–I kule og hippe butikkar er large eigentleg ein medium og dei har sjeldan XL, for kven treng det? Jau, eg gjer. Mi supertynne 150 cm høge venninne må opp i L i bukse, fortalde ho.

Opprør

No har den modige 16-åringen gjort opprør mot kroppspress og eit samfunn som ho menier  er ekstremt seksualiserande .

–Eg har ikkje den beste fortida med kroppsbilete, men eg har den beste framtida, og eg vil halde fram med å jobbe aktivt mot skjønnheitstyranniet. Og de kan vere med. Alt de treng å gjere er å elske eigne kroppar og slutte å samanlikne eiga skjønnheit med andre si.

Årets 8.mars viste at kvinnekampen er i medvind, og det er dei unge kvinnene som fører an.

–2017 var eit fantastisk feministisk år! Vi hadde metoo og vi var ikkje redde for seie meiningane våre! Lat oss ikkje stoppe der. La 2018 bli betre. Vi skal nemleg ikkje gi oss, for kampen er ikkje over. Vi skal fortsette å ta ordet og snakke og stille spørsmål og ikkje ta shit. Det skal vi gjere fordi det er det som er rett, sa Emma Krohn-Dale.

Skam

Unge sitt forhold til kroppen sin og skam knytt til kjensla av å vere annleis var også tema for tala til helsesøster Lisbeth Hoggen Totland.

–Vi må hjelpe ungdomen til å setje ord på det dei føler. Det er mange sårbare jenter som strever med sjølvbildet og mange tabu, seier Totland.

Årets 8.mars arrangement i Ørsta-Volda var i regi av kvinnenettverket Opp og Fram. Det var godt frammøte både til det tradisjonelle 8.mars-toget, og til festen på Ørsta kulturhus.

Slagordet «dette er siste varsel. No vil vi ha betre barsel!» ljoma gjennom Ørsta-gatene. SV-politikar Marit Aklestad målbar protesten mot dårlegare barseltilbod i sin appell.

–Eg vil melde om eit barselopprør. Eg nektar å greie meg sjølv etter fødselen. Tida på sjukehus blir stadig kortare. Det er ikkje eit resultat av jordmødrer sine faglege råd eller mødrer sine ønskje. Nei, sjukehusa skal spare pengar. Fødande kvinner må bli meir effektive, sa Aklestad.