Det er stor søking til fleire av linene ved Ørsta vidaregåande skule. Særleg gjeld dette helsefag og teknikk og industriell produksjon.

– Vi angrar ikkje på utdanningsvalet. Vi veit at etter vi er ferdig med utdanninga, står arbeidet og ventar, seier Ronja Aakre, ei av elevane ved helsefagutdanninga ved Ørsta vidaregåande skule.

Dei registrerer at yrkesutdanninga dei har valt, er blant dei mest populære i Møre og Romsdal.

– Ikkje anna alternativ

– For meg var det sjølvsagt at eg valde helsefag. Det var ikkje noko anna alternativ. Eg likar å arbeide med menneske, fortel Aakre.

Møre-Nytt tok ein prat med fleire av elevane på andre klassesteg i helsefagutdanninga då det vart kjend at denne utdanninga er populær. Elevane sjølve er ikkje særleg overraska.

– Eg las nyleg på nettet om ein FN-indeks som fortel om ein auke blant eldre i vår del av verda. Då vert det endå større behov for folk som kan arbeide med eldre, seier Eileen Grete Barstad.

Etter to år med grunnutdanning har elevane to val. Dei kan få seg lærlingkontraktar, og fullføre ei utdanning som helsefagarbeidarar. Eller dei kan ta påbyggingsår med studiekompetanse, noko som vil kvalifisere dei for høgskuleutdanning, og då særleg sjukepleiarutdanning.

– Dei fleste av oss vel det siste, fortel Barstad.

Lærlingplassar

Det er mykje ut ifrå kva interesser elevane har for framtidig yrke, men også eit val mange kjenner seg tvinga til.

– For det er ikkje mange lærlingplassar i området vårt. I Ørsta kommune og Volda kommune er det to-tre nye plassar kvart år. Vi synest det er rart at når kommunane veit at det er varsla mangel på arbeidskraft innan pleie og omsorg om få år, då vel dei ikkje å ha fleire lærlingplassar, seier Aakre.

Så langt i utdanninga synest dei at dei har valt rett. Dei finn utdanninga interessant og krevjande.

Praksis

– Vi lærer jo mykje om kroppen, og korleis han fungerer. Vi lærer å vere saman med menneske, og ta vare på og pleie andre menneske. Ikkje noko kan vere betre enn det, seier elevane.

I utdanninga har dei mykje praksis, og andreårselevane skal no snart ut i denne.

– Nokre av oss skal til Spania, andre skal på institusjonar nær oss, som sjukehuset i Volda. praksistida er veldig lærerik, og er viktig å ha med seg til dømes for dei av oss som vel sjukepleiarutdanning vidare, seier elevane.

– Gledeleg

Seksjonsleiar Geir Løkhaug hos skuleeigar Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at helsefaga aukar.

Det er gledeleg å sjå at helse – og oppvekstfaget framleis er populært og har auka søkinga med om lag 4 prosent. Helse og oppvekstfag er det yrkesfaget med størst søking, seier Løkhaug.

Hos Ørsta vidaregåande skule er helsefaga den største lina. Opptaket på fyrste året er på seksti plassar.