Longva har 20 år bak seg som journalist og redaktør i Møre-Nytt. Dei siste åra har han vore skribent for fleire sogeskrift.

Juryleiar Terje Kjøde innleidde prisutdelinga med eit spark til journalistar. Han siterte Johan Borgen, som for 50 år sidan skreiv at «det var mange journalistar som levde av å ikkje kunne skrive.»

– Det har neppe vorte færre med åra. Respekten for korrekt språk har utan tvil vorte mindre. Korrekturlesarar har vorte erstatta av uintelligente retteprogram, og medieeigarane er meir interesserte i pengar enn språkleg kvalitet. Difor skal ikkje journalistane bruke kostbar tid på språkrøkt, sa Kjøde.

Poenget hans var at Skjalg Longva ikkje høyrer heime i dette biletet.

– Tvert imot. Nettopp kvalitet er det som kjenneteiknar språket hans. Det gjeld det stilistiske, og det gjeld det formelle. Det var og er ikkje mange ortografiske feil eller galne kjønn og bøyingar i tekstane hans.

I løpet av 20 år i Møre-Nytt skreiv Skjalg Longva 40.000-50.000 A4-sider. Det vil seie 6–10 sider pr. dag, har Kjøde funne ut. Alt var sjølvsagt på nynorsk.

– Det seier litt om produktiviteten og arbeidskapasiteten. Han var ingen åtte-til-fire-journalist, og det kosta. I tillegg til arbeidskapasiteten og den språklege kvaliteten er han svært kunnskapsrik og utstyrt med ein journalistisk nase. Han lukta poenga, fekk dei på trykk, ofte spissformulert, og var såleis med på å gjere Møre-Nytt til ei av dei beste og mest populære lokalavisene i landet.

Det er ikkje berre som bladfyk vinnaren har gjort seg fortent til prisen.

– Han har levert mykje framifrå stoff til medlemsblad og lokalhistoriske skrifter. Dessutan er han ein framifrå bokmeldar, sa juryleiaren

Skjalg Longva sa at han hadde tenkt at «takketalen skulle byrje med eit rasande angrep på valfridomen i nynorsknorma». Men han stansa der og fortalde i staden nokre artige sjølvopplevde historier.

– Dette er ein pris til arbeidshestane og allrounderane i lokalavisene. Det er her det verkeleg vert produsert nynorske tekstar, seier Skjalg Longva.