Rotary sitt formål er å fremje og styrke viljen til å gagne andre som grunnlag for all si verksemd – både i privatliv, yrke og samfunnsliv. «Paul Harris Fellow Recogniton» er den høgste utmerkinga Rotary International kan dele ut. Utmerkinga blir gitt til personar som gjer ein ekstra innsats til glede og nytte for andre.

Synnøve blir heidra fordi ho, gjennom fleire tiår, har vist eit breitt samfunnsengasjement på mange område, som til dømes arbeid med å ta vare på kulturminne, trafikksikring, breiband til bygdene i kommunen, turisme og mykje meir. Likevel er det det utrøyttelege arbeidet med og for Ørsta og Volda Ballettskule som har vorte mest vektlagt for tildelinga av «Paul Harris». I tillegg fekk ektemannen Richard Hill 3.000 kroner i gåve til ballettskulen.

Synnøve har vore styreleiar/rektor/dagleg leiar i Volda og Ørsta Ballettskule i 18 år. Det er i prinsippet ho og ektemannen Richard Hill som har bygt opp skulen til det han er i dag. Skulen er foreldredriven, og basert på mykje frivillig arbeid. I Tricobygget i Ørsta sentrum har skulen fått på plass eigna lokale, med tre profesjonelle studio, i tillegg til tre kostymerom. I tillegg har Rick laga til ei leilegheit i bygget, der utandlandske læarar kan bu.

Ballettskulen har siste åra hatt rundt 400 elevar. Det er tilsett to læarar i 100 prosent stilling, i tillegg til to tidlegare dansarar som underviser, og fem assistentar. Kvart år arrangerer skulen vårshow, der alle dei 48 dansegruppene deltek. Det er litt av ein jobb å organisere alt, men Synnøve får det til.

Å vere styreleiar og rektor betyr i praksis å ha ansvar for økonomi, skaffe og vareta tilsette med rett kompetanse, ha ansvar for elevar, for leigeavtalar, for små og store praktiske ting i samband med framsyningar, og mykje meir. Og ikkje minst inneber denne rolla ansvar for å gi inspirasjon og spreie entusiasme til medarbeidarar, elevar og foreldre.

Anne Ellingsen, president i Ørsta Rotaryklubb, delte ut diplom og merke, og overleverte helsing frå Rotary International sitt Europakontor i Zürich. Synnøve vart både overraska og rørt over tildelinga, som ho også uttrykte stor glede over.

Om Rotary

Amerikanaren Paul Harris var grunnleggjaren av Rotary i 1905. Visjonen var å gjere ein innsats for eit betre samfunn. Rotary er ein verdsomspennande organisasjon som samlar leiarar frå næringsliv, frie yrke og offentlege verksemder, som ønskjer å fremje velferd, høge etiske normer i alle yrke og som vil bidra til å byggje samhald og fred i verda. Det er i dag klubbar i meir enn 200 land med til saman over 1,2 millionar medlemer. Rotary har vore bidragsytar ved etableringa av mange velkjende, verdsomspennande organisasjonar, som til dømes FN. Utrydding av polio gjennom aktiv og planlagd vaksinering er eit døme på arbeidet som blir gjort. Ørsta Rotary